mandag 31. mars 2014

Før NM/UM i terrengløp

Me har hatt eit fantastisk vårvér siste dagane. Aller finaste dagen var truleg då det var KM i terrengløp på Stend lørdag. Ifølgje vermeldarane skal dette ta slutt, om ikkje så altfor lenge.

Nærare bestemt synest både dei trauste i Yr og dei nyrike i Storm at det skal ta slutt på lørdag. Det er dagen når ein del av våre lokale heltar skal ta den korte vegen med ferjo over Bjørnafjorden, for å springa NM/UM i terrengløp, kort løype, ved golfklubben på Stord (Haga).

Parkløpet på Stord gjekk i NM-løypene for eit år sidan, og som Kondis-reportasjen viser, så er det svært tøffe løyper når regnet får gjera sitt. Så får me håpa at veromslaget og lågtrykksfronten blir utsett dei nødvendige timane, men frykta det motsette...

Her er ein kort gjennomgang av klassane der det er BFG-/moderklubb-utøvarar med førstkomande lørdag (i alle fall etter startlistene):

I jenter 16 blir det medalje til Gneist! Her er det nemleg ikkje meir enn 4 utøvarar på startlista. Favoritt er sølv-vinnar frå tilsvarande konkurranse i fjor, Else Bratteland frå Sørild i Grimstad. Bak henne blir det ein ny duell mellom lagvenninnene Renate Lie og Linn Seliussen. Lørdag vann Renate KM, knepent framfor Linn. Då var distansen halvparten så lang som den vil vera på Stord. Dermed bikkar tipset i retning Linn denne gongen, men det blir spennande - og det bør bli to medaljar til Gneist, i alle fall.

Det blir langt tøffare konkurranse i jenter 17. Her er det 11 namn på startlista - heile 5 av dei frå IL Gneist. Gneist-jentene skal lada opp med tur over Hardangerjøkulen i veka, så får me sjå korleis det gir seg utslag lørdag. Hordaland dominerer, både på startlista og mellom favorittane. Nr. 1 og 2 på Stend lørdag må finna seg i å vera favorittar også under UM: Ingrid Halvorsen Folvik (Bergen Turn) og Christina Ellefsen Hopland (Varegg). Bak der er det fleire Gneist-jenter, saman med Kristine Gundersen (Selsbakk) som vil kjempa: Ingrid Næss Johansen, Eline Myking, Anna Serine Røssland, Thyra Hevrøy og Elina Drivenes.

I menn, junior er det endå fleire påmelde - heile 24 utøvarar. 3 av dei er frå BFG Bergen: Andreas Iden, Ole Martin Røssland og Stian Norheim. I skrivande stund er Ole Martin mellom dei usikre til start, medan Andreas og Stian sprang brukbare KM-løp lørdag og vil bita godt frå seg i ei tung og lengre løype på Stord. Men favorittane finst frå andre klubbar ved dette høvet: Kristian Tjørnhom (Kristiansand), heimefavoritten Lars Jonassen Føyen, Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) er nokre av dei sterkaste namna.

I menn, senior har 33 utøvarar meldt seg på. Her er kretsmester i U23, Erlend Gjerdevik Sørtveit og Espen Roll Karlsen BFG-namna på lista, men Espen er også mellom dei mindre sikre til start på mi liste. Også her er det lokale namn mellom favorittane, ikkje minst i KM-vinnar Marius Vedvik (Gular). Morten Velde (Haugesund - han med bloggen), Tom Erling Kårbø (Stord), Hans Kristian Fløystad (Tjalve) er andre brukbare tips til plassar høgt oppe.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar