tirsdag 4. mars 2014

Før inne-UM (IV)

Då er me over halvvegs i førehands-gjennomgangen før inne-UM til helga. Men det er berre tre dagar igjen til første øvingane, så me får sjå til å koma oss i mål med dette snart.

No er det berre jenter som gjenstår på lista mi - først til dei yngste:

Nora Øvergaard Aarvik er mellom dei som debuterer i UM - J15- jente som ho er for første gongen. I høgde er det heile 16 påmelde i klassen, og her er Nora éi av ein god bukett som både kan vinna og i alle fall ta medalje. Fremste favoritten heiter Thea Leirfall Bremset (Stjørdal), men ho er berre litt framfor i alle fall tre utøvarar som er heilt jamne: Nora, Ingrid Færøvik Mork (Norna-Salhus) og Ida Eikeng (Urædd). Også bak der er det svært jamt. Nora må nok opp til pershøgda frå utesesongen i fjor (1,60) for å kapra medalje, vil eg tru.

I lengde er det heile 43 J15-jenter med. Her er Nora 18. rangert på førehand, men også her er det rimeleg jamt på lista - både oppover og nedover. Favoritt er Live Haugstad Hilton (Bergens TF), med Karoline Daland (Sørild), Kaja Skarland (Overhalla), Thale Leirfall Bremset (Stjørdal - nær slektning av høgde-favoritten) og Tone Sandtorv Brakedal (Fitjar) tett bak der.

Til endå ein UM-debutant no: Sanne Myrmel. Ho stiller både på 60 meter hekk og i stav. Hennar sjansar på førehand er temmeleg ulike i dei to øvingane: På hekken er det heile 25 jenter med og her er mange flinke utøvarar. Sanne er nr. 21 på førehand her, medan Karine Jakobsen (Bækkelaget), Tone Sandtorv Brakedal, Marie Skjæggestad (Tyrving), Live Haugstad Hilton og Ida Eikeng vil kjempa om medaljar.

I stav, derimot, er Sanne 2. rangert av dei 5 på startlista, ikkje langt bak Birgitte Kjuus frå Raumnes & Årnes. Anja Ljusic (Orion) er like bak der igjen. Og Sanne er i form: Lørdag persa ho til 2,72, berre tre centimeter bak persen til Kjuus.

Til sist i dag til J16-jentene - og først for dei til 1500 meter, med både Renate Lie og Linn Seliussen mellom dei 9 påmelde jentene. Renate er det litt vanskeleg å vurdera på distansen - ho har vel ikkje sprunge den sidan det var inne-UM i Steinkjer for eitt år sidan. I mellomtida er det kome fleire sterke konkurrentar på distansen. Renate er såleis utfordrar til medalje denne gongen, med Mari Drabløs (Tyrving), Christine Sekkesæter (Skjalg) og Else Bratteland (Sørild) som sterke konkurrentar. Linn er rangert hakket bak Renate igjen.

200 meter i J16 er det klare medaljekandidatar melom dei 29 påmelde - og her er Renate Lie 3. rangert - bak Helene Rønningen (Tyrving) og Linn Oppegaard (Moss). Men også her er det medaljeutfordrarar, til dømes i Hedda Hauge Hornes (Tyrving) og Kristine Berger Akervold (Fagernes).

Så til 800 meter, der Renate får med seg Maria Josefine Berg, slik at Gneist har ein sjettedel av dei påmelde. På denne distansen er me tryggare på Renate og plasserer ho som nr. 2 på rankinglista på førehand, bak Mari Drabløs, men framfor Christine Sekkesæter. For Maria sin del handlar det om å vera i gang igjen, etter fleire trøblete periodar.

Aller sist i dag til kule (!), der Maren Haugen Lillefosse er påmeldt for Gneist i J16. Det er naturlegvis fordi Maren enno ikkje er klar til å delta i klarare favorittøvingar. Det er 14 påmeldt øvinga, så får me sjå korleis persen til Maren på 8,22 står seg. Favoritt er Berit Stunes Isene (Sturla).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar