fredag 7. mars 2014

Inne-UM - dag 1

Jaja, det får bli som det blir, dette innlegget. I løpet av dagen har eit eller anna blitt kasta over meg, slik at denne rapporten kjem ikkje berre heimefrå - som tidlegare annonsert - den kjem også i form av feberfantasiar.

Men eg har forsøkt å ta lange pausar i resultatgjennomgangen og trur ikkje det skal vera så hakkande gale:

Det blei litt stang-ut denne første UM-dagen, men det blei jammen høgdepunkt også:

GULL blei det til Sondre Rinde i G16 på 60 meter hekk - og det med solid margin. Sondre vann øvinga med eit kvart sekund framfor nr. 2, og det er temmeleg mykje på ein så kort distanse. Tida til Sondre: 8,53.

SØLV blei det til Henrik  Almenningen, som fornektar seg ikkje: inne-UM er noko Henrik likar. Denne gongen blei det i tillegg - endeleg! - over 13 meter i tresteg i G17 - og dermed er Henrik 31. BFG-utøvaren som er kvalifisert til årets junior-NM! Henrik sin utepers er på 12,68 (frå UM ute på Lillehammer i haust, ei lengd som var to centimeter bak junior-NM-kravet). Innepersen var på, sett opp mot fredagens resultat, smålåtne 12,35 - frå Nornalekene i vinter.

SØLV blei det også på Monika Benserud i tresteg i 18/19 (jada, for raske lesarar vil ein sjå at Monika er blitt oppgradert frå 4. plass på bloggen - men (trur eg) det skjedde også i resultatservicen, og ikkje berre i min feberfantasi. Tru eg). Ho landa på 11,69 - 30 centimeter bak gull-vinnaren, men fire centimeter framfor bronsen.

Sanne Myrmel beit godt frå seg i UM-debuten sin på 60 meter hekk i J15. Det blei ny pers på 9,91 (to tidelar under den gamle, også det frå Nornalekene.)

Stang ut blei det på Kristoffer Blücher, som ikkje fekk fullført sitt hekkeløp i G15 - der han hadde understreka seg sjølv som medaljekandidat i forsøket.

Gneist står altså med medaljar etter dag 1, så det må bli mykje medaljesanking dei to neste dagane om blogg-spådommen skal nåast... Men i mine feberfantasiar er det meste muleg.

(Må ha i meg nokre parcet no - det er jo trening med gjengen min lørdag...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar