søndag 9. mars 2014

Inne-UM - dag 3

Det er nesten som om ein kan bli frisk av dette - eg meiner; desse resultata som tikkar inn frå storstova i Bærum. Rettnok blei det ikkje totalt så mange medaljar som i fjor, men det blei mange - og det blei mange storslagne prestasjonar. Og me snur på flisa og brukar den offisielle reknemåten, der talet på gull er gjævare enn det totale talet på medaljar. Og 8 gull er fantastisk bra - og altså 3 fleire enn i 2013.

Eg kom til 3 nye GULL siste dagen:

* Kristoffer Blücher (G15) dundra av garde. Først sprang han under 24 blank og fekk 23,83 i forsøket på 200 meter, før han verkeleg knuste til og sprang på 23,47 i finalen. Det er seks tidelar raskare enn utepersen frå Peab-lekene og åtte tidelar betre enn innepersen frå Romjulsstemnet. Og med det har Kristoffer endå ei øving der han er klart under junior-NM- kravet.

* Eline Myking (J17) har gjort det til vane å vinna 1500 meter i inne-UM. Det er ein god vane! Tida denne gongen blei 5:04,07.

* Eirik Leikvoll (G16) vann gullet i stav med tangering av pers - 3,60.

Strålande!

Og så kom eg til 3 nye SØLV-medaljar også:

* Amund Høie Sjursen (G18/19) hoppa utruleg sterke 7,46 i lengde - fattige éin centimeter bak vinnaren Karsten Warholm frå Dimna. 7,46 er betring av eigen klubbrekord i BFG med 10 centimeter (frå Pingvinlekene).

* Nemnde Eirik Leikvoll (G16) fekk med seg sølvet i høgde, då han persa til 1,83. Han hadde 1,80 frå Nornalekene frå tidlegare.

* UM-debutant Nora Øvergaard Aarvik (J15) sesongbetra seg med åtte centimeter i høgde - og det var nok til å vinna sølvet. 1,58 er også innepers med éin centimeter.

Så blei det 1 ny bronse siste dagen - sett med Gneist-auge:

* Ingrid Næss Johansen (J17) blei dømt likt i mål med Målfrid Pettersen Lunde på 1500 meter og fekk med det - og med tida 5:07,45 - bronsen.

Dermed har eg kome til (men eg stolar ikkje heilt på meg sjølv denne helga)

8 GULL - 7 SØLV - 3 BRONSE!

MEN det blei også to nye medaljar til BFG Bergen, slik at det blei ein av kvar sort også for junior-/seniorklubben:

* Ingvild Myking (J15) var annonsert som storfavoritt på 1500 meter, men me ana tøffare konkurranse då dei sterke tidene frå 800 meteren lørdag tikka inn. For det blei alt anna enn suverent. Men med 21/100 margin blei det 4:52,10 og første UM-gullet til Ingvild. Solid var det uansett!

* Og så blei det sølv til jentene på 4 x 200 meter stafett i J18-22, like bak Sandnes. Tida 1:42,71 er også relativt klar ny klubbrekord i BFG. Den gamle blei sett i Ranheimhallen under inne-NM i 2011 (Monika Benserud, Christine Bjelland Jensen, Anne Bjelland Jensen og Anne Skudal Dolvik). Dei fire jentene på sølv-laget var Sara Berrefjord, Renate Lie, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

**

Og elles:

-- Ingrid Sortland (J15) sprang 200 meter på 28,65 - som er innepers med fire hundredelar (frå Pingvinlekene i 2013).

-- Henrik Almenningen (G17) sprang 200 meteren sin heilt ned på 24,68. (Sprang på 25,26 under Romjulsstemnet.)

-- Renate Lie (J16) innepersa solid på sin 200 meter, til 26,09 (hadde 26,40 frå Nornalekene). I finalen blei det 26,23 og 4. plass.

-- Sara Berrefjord (J18/19) var fattige to hundredelar frå Christine Bjelland Jensen sin U23-klubbrekord i BFG, då ho sprang sin 200 meter på 25,80. Det er uansett ny solid pers for Sara.

-- Andreas Jensen (G16) sprang 1500 meter på 4:48,28.

-- Og stafettpålaget i G15-17 på 4 x 200 meter kom på 4. plass, tett bak både sølvet og bronsen. Men det blei ny BFG-klubbrekord på dsse fire: Sondre Rinde, Henrik Almenningen, Kristoffer Blücher og Eirik Leikvoll. Tida: 1:37,38.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar