søndag 9. mars 2014

Inne-UM - dag 2

Alt går sakte. Alt er på etterskot. Men det er berre i heimen og i hjernen min.

I friidrettsparken i Bærum går det raskt, veldig raskt. Og det er lokale heltar som står for mykje av moroa.

Lørdagen førte Gneist-fangsten opp i 11 medaljar så langt, så no tar det til å koma seg. Og gull-fangsten er alt tangert frå fjoråret. I tillegg kom det ein bronse til Bjarg.

Først og fremst var det Amund Høie Sjursen som stal overskriftene. Han tok GULL i eit knalltøft 18/19-heat på 60 meter, og det gjorde han med å flytta persen ned til 6,88 (frå 6,99). Det er også ny klubbrekord i BFG Bergen.

Kristoffer Blücher (G15) tok TO GULL, like så godt, på UMs andre dag. På 60 meter blei det solide 7,32, etter å ha persa til 7,39 og i semifinalen og 7,41 i forsøket. Kristoffer vann klart. På 800 meter sprang Kristoffer i mål på 2:07,36 - ny innepers med nesten fire sekund.

Det fjerde og siste GULLET lørdag stod Sanne Myrmel (J15) for i stav. I ein tett konkurranse vann ho på færre riv, med 2,70 - to centimeter bak den ferske persen til Sanne.

Så blei det to nye sølvmedaljar:

Amund Høie Sjursen er - i tillegg til mykje anna - no også blitt ein høgdehoppar å rekna med. Med 1,98 lørdag vann han sølvet i 18/19-klassen - og persa med nye 2 centimeter frå Pingvinlekene. Dermed sletta han eigen U20-klubbrekord i BFG også.

Renate Lie vann sølv på 800 meter i J16, med tida 2:23,31. Det er også to sekund under den gamle innepersen på distansen, sett under NM i Haugesund i fjor.

Og, endeleg, blei det meisterskapets første bronsemedaljar:

Sondre Rinde (G16) vann bronse i lengde. Han var berre éin centimeter bak sølvet, men på den andre sidan berre tre centimeter framfor nr. 4.

Og medaljefangsten i inne-UM held fram for Henrik Almenningen (G17). Han bryt også nye barrierar. Denne gongen kom han over 6 meter i lengde for første gongen, hoppa 6,01 og vann altså bronsen med det. Gamlepersen blei sett under Nornalekene i januar (5,96).

Så tar me med bronse også til Ingvild Myking (J15). Bjarg-jenta, som er superfavoritt på søndagens 1500 meter, sprang i mål på 2:20,99 på 800 meter. Det er solid ny innepers.

**

Og elles:

* Sondre Rinde persa til 7,49 på 60 meter.

* Vegard Albrigtsen sprang på solide 2:07,13 på 800 meter - innepers med to sekund og også eitt sekund under utepersen frå Lillehammer i haust. Vegard blei nr. 8 totalt, men her var det svært tett oppover lista.

* Ingrid Sortland (J15) sprang på 8,50 på 60 meter - som er betring av innerpsen frå Nornalekene i januar (8,64).

* Monika Benserud fekk 4. plassen på 60 meter i J18/19 med 7,88.

* ...og Elina Drivenes sprang sitt første konkurranseløp på lenge, då ho kom i mål på 2:23,79 på 800 meter i J17.


** Og då har eg notert 5 gull, 4 sølv og 2 bronse så langt til Gneist - og altså ein bronse til med BFG-auge (Bjarg). Og søndagen gjenstår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar