søndag 2. mars 2014

Før inne-UM (I)

Komande helg - 7. - 9. mars - er det inne-UM i den splitter nye friidrettshallen til IL Tyrving i Bærum. Då er det grunn til å forventa at det blir fint og storlsagent, naturlegvis. Og det har starta med rekord-påmelding, i alle fall.

No er det alltid vanskeleg å spå. Innandørs meisterskap er verre enn noko. Her stiller nokre, andre ikkje, her er det sjukdom og skadar, her er det fullstendig ulike treningsopplegg og varierande grad av formtopping. Innandørsstemne er kjekt, men det er utandørssesongen det blir trent mot.

Når alt dette er sagt - det hindrar naturlegvis ikkje Bloggen å spå - likevel:

Ingvild Myking (J15) meisterskapsdebuterer i og med dette Ungdomsmeisterskapet. Bjarg-jenta kjem til å vera storfavoritt på éin distanse og vera klar utfordrar på ein annan: På 1500 meter manglar Inga Skår frå Førde, som Ingvild har hatt mange tøffe duellar med. Det inneber at Ingvild har nærmare halvminuttet (!) betre pers enn nr. 2 på lista, mellom dei 12 startande. Ho er med andre ord soleklar favoritt på den lengste UM-distansen. På 800 meter er det over dobbelt så mange med (26) og her er Ingvild utfordrar til favoritten Karoline Daland (Sørild). Daland hadde så sterk tid som 2:15 ute i fjor, medan Ingvild hadde (også det sterke) 2:17.

Me held fram med Bjarg-jenter og UM-debutantar: Ingrid Sortland er påmeldt dei to kortaste løpsøvingane i J15. På 60 meter er det heile 56 påmelde utøvarar (!). Her er Ingrid høgast rangerte av dei lokale heltane, på ein 12. plass, medan Michelle Floor Heggeland og Nora Øvergaard Aarvik blir plassert som høvesvis nr. 20 og 30. Ingvild Meinseth (Sørild) er favoritten, medan Live Haugstad Hilton frå Bergens Turnforening er på papiret sterkaste frå Bergen. På 200 meter i jenter 15 er det nokre færre (men ikkje få!) påmelde: 44. Her finn me våre eigne midt i laget på førehandsrangeringa: Ingrid nr. 21 og Michelle nr. 28. Favoritt er også her Ingvild Meinseth.

Me hoppar vidare: Denne gongen til tre øvingar i 18/19-klassen for jentene:

60 meter i 18/19 for jenter er det temmeleg bra at heile 36 utøvarar står på startlista. Monika Benserud er medaljekandidat og i utfordrarposisjon, medan Caroline Kuvaas (Vidar) og Sigrid Semmingsen (BUL-Tromsø) er andre sterke namn i medaljekampen. Elles blir Sara Berrefjord rangert som nr. 10, Elise Una Mikkelsen som nr. 13 og Vilde Lund Bjørnsen som nr. 15.

200 meter i same klassen er me nede i 31 påmelde utøvarar - også det eit brukande høgt tal i eit innomhus stemne i 18/19-klassen. Mari Forbord Anderssen (Kristiansand) blir valt ut til favoritt, medan våre tre deltakarar er i utfordrarsjiktet: Monika Benserud (6), Vilde Lund Bjørnsen (7) og Sara Berrefjord (9).

Til sist i denne klassen til 60 meter hekk. Der er Elise Una Mikkelsen mellom dei 16 påmelde. Elise er ikkje kjent som hekkeløpar, men er faktisk innomhus UM-meister i øvinga i J16-klassen, tilbake frå UM i Ranheim-hallen i 2011. Mari Forbord Anderssen er favoritt også i denne øvinga, med Sidsel Bjørgo Adam (Fagernes) og Caroline Kuvaas (Vidar) som andre medaljekandidatar. Elise finn me ein stad bakom der...

Me gir oss ikkje så lett: På 1500 meter i gutar 16 er saknet stort etter ein av fjorårets sterkaste namn i klassen, Henrik Irgens Gravdal. Han kjem naturlegvis sterkare igjen. I staden har me gode utøvarar i Vegard Albrigtsen og Andreas Jensen (Kalandseid). Mellom dei 12 utøvarane på lista skal både Vegard og Andreas (i utgangspunktet har dei vore temmeleg jamne) bita godt ifrå seg. Vegard blir rangert som nr. 5 og Andreas som nr. 6 på førehand, men eg blir ikkje veldig overraskande om i alle fall Vegard er i stand til å blanda seg inn i medaljekampen. Klar favoritt i Henrik sitt fråvær er Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve) - han som alltid får meg til å tenka på den svenske gruppa Imperiet sin låt "Du ska va president" frå mi eiga ungdomstid.

Aller sist i dette lange innlegget (det er mange som skal presenterast og det er jo søndag og greier) til litt Kristoffer Blücher-extra:

Kristoffer er påmeldt i fem øvingar (!) i G15, så me får nøya oss med tre av dei i dag: dei tre kortaste løpsøvingane:

* På 60 meter har eg kome til 35 namn på startlista. Her er det dødt løp i utgangspunktet mellom Kristoffer og kometen frå Moss, Abdurazak Sharif. Begge har 7,46. Mykje løye skal skje om ikkje den eine tar gullet og den andre sølvet.

* 200-meteren skal i utgangspunktet - basert på fjoråret - Sharif ta seg av. Han var i ein klasse for seg då, med Kristoffer i ein soleklar toarposisjon. 25 utøvarar er påmeldt denne distansen.

* Også på 60 meter hekk er Kristoffer klar medaljekandidat, mellom dei 10 påmelde utøvarane. Men også her er det på papiret frykteleg jamt med ein annan - denne gongen Marcus Theodor Moen frå Ullensaker/Kisa.

-- Sølv eller gull i alle desse tre øvingane er førehandstipset for Kristoffer, med andre ord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar