onsdag 5. mars 2014

Før inne-UM (V)

Det er to dagar att til inne-UM. Eg har studert tidsskjemaet, og det blir lange dagar og seine kveldar. Men ikkje for meg denne gongen. Når det er inne-UM har eg framleis tribunefri, men når det blir skikkeleg sommarhalvår, så er det ikkje mange helger utan friidrett frå tidleg til seint.

I inne-UM er det ein spesialklasse for dei frå 20 til 22 år - ein slags "eldre junior"-klasse, som ikkje finst i UM utandørs. Innimellom har BFG Bergen hatt nokre med i denne klassen, men ikkje dette året. Difor er det dei eldste jenteklassane med Gneist-utøvarar som er innhaldet i denne siste førehands-bloggen: jenter 17 og jenter 18/19.

I jenter 17 er det på 800 meter (lørdag kveld) og 1500 meter (søndag ettermiddag) me har utøvarar på startstrek.

Først til 800-meteren: Her er det 18 utøvarar som skal slåst om posisjonar i eit par heat. To av dei representerer Gneist: Elina Drivenes og Anna Serine Røssland. Elina har ikkje sprunge skikkeleg konkurranse på lange tider, så dette blir spennande. Anna Serine, på si si side, har hatt sitt klart beste løp i vinter på 800 meter då det framleis var romjul. Går me etter ei blanding av gamle og nye merittar, blir Elina rangert som nr. 9 og Anna Serine som  nr. 14. Det er mange i toppen, med gode persar. Aller best utgangspunkt (ser ein vekk frå min sterkt avgrensa kunnskap om vinterformen til dei enkelte) har Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), Kristine Gundersen (Selsbakk), Benedicte Myhre (Sem), Johanne Jansson (Selsbakk) og Ingrid Hjelle Roset (Sandane).

1500 meter i klassen er fjerdedelen av feltet frå Gneist: Eline Myking, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland. Det er med andre ord 12 med totalt. Fjorårsvinnar Eline er med i gullkampen også i år - og igjen i duell med Selsbakk-duoen Kristine Gundersen og Johanna Jansson. Ingrid er 5. og Anna Serine 6. rangert på førehand.

Heilt til sist til eit par-tre hoppøvingar i eldste klasse med Gneist-deltakarar, J18/19.

I lengde stiller Monika Benserud som medaljeutfordrar (6. rangert på førehand) mellom 14 påmelde. Klar favoritt er Nadia Akpana Assa (BUL), framfor Mai Brit Berge (Iveland) og Sigrid Semmingsen (BUL-Tromsø).

Men det er først og fremst i tresteg det er store forventningar til Monika. Her har ho hoppa lengst i landet i kvinner senior i vinter, og er såleis grei favoritt mellom 8 påmelde i denne øvinga. Mai Brit Berge og Sofie Olsholt (Tyrving) er nærmast på papiret. Her stiller også Marianne Benserud - om enn litt bak dei beste.

For det er i stav Marianne presterer best, sjølv om ho er utan resultat så langt i vinter. I stav er det 6 påmelde utøvarar. Også her er det ein klar favoritt, i Lene Retzius frå Moelven, medan Paula Nedberge Llano er like klar nest-favoritt. Bak der kan det bli tett om bronsen, sjølv om Malin Vik Gregor (Orion) normalt er sterkast av desse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar