fredag 28. februar 2014

Adelskalender, BFG - 100 meter

Sjå der, der var me framme med den gjæve distansen - 100 meter. Og her er det mange på listene mine - først og fremst for kvinner, der det også er ein god del av dagens utøvarar høgt oppe. Fleire av dei er på veg oppover lista, mellom dei Monika Benserud, yngstedottera til dagens 60års-jubilant, Jan Fjærestad.

Klubbrekord-haldaren på 100 meter for kvinner er - med god margin - framleis Mona Karin Riisnes:

1. Mona Karin Riisnes 11,74
2. Camilla Dahle 12,01
3. Kjersti Ristesund 12,03
4. Iren Vevatne Isaksen 12,09
5. Anne Skudal Dolvik 12,18
6. Christine Bjelland Jensen 12,37
7. Monika Benserud 12,42
8. Vilde Lund Bjørnsen 12,45
9. Kathrin Sandvik 12,51
10. Elise Una Mikkelsen 12,52
11. Sara Berrefjord 12,55
12. Benedikte Liland 12,59
13. Anne Bjelland Jensen 12,62
14. Ingvild Mundal Andersen 12,70
15. Maren Hjelle 12,71
16. Gerd Lise Nybråt 12,80
17. Amalie Tefre Skage 12,81
18. Maren Haugen Lillefosse 12,84
18. Renate Lie 12,84
20. Karina Bjørnarøy 12,94

For menn fauk Amund Høie Sjursen oppover listene (mellom anna forbi pappa Geir) gjennom fjorårssesongen og hamna heilt oppe på 3. plass på adelskalenderen før sesongen var over. No er det berre fem hundredelar opp til Johan Sørstrønen på 2. plass, medan Thomas Green er eit lite hakk framom der igjen:

1. Thomas Green 10,69
2. Johan Sørstrønen 10,84
3. Amund Høie Sjursen 10,89
4. Marius Heggholmen 11,04
5. Geir Sjursen 11,06
6. Jonathan Haugland 11,15
7. Bjørn Soltvedt 11,22
8. Eivind Skare 11,39
9. Geir Svendsen 11,40
10. Kjetil Bakketun 11,43

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar