søndag 1. september 2013

Før UM - 5. bolken

800 meter, gutar 18/19 stiller Gneist med heile 5 av dei 32 utøvarane på startlista under neste helgs UM på Lillehammer. Det er naturlegvis sterkt. Men ingen av dei 5 kan gjera seg realistiske voner om å kjempa i toppen. Anders Bjørndal er høgast rangert som nr. 18 - og Anders har slite med skade dei siste vekene. Elles stiller Erlend Gjerdevik Sørtveit (20), Anders Strømblad Hansen (24), Ole Martin Røssland (26) og Andreas Iden (28).

Jentene sin 400 meter i klasse 17 år har 14 namn på startlista. Mellom dei er Vilde Lund Bjørnsen. Vilde er 5. rangert og medaljekandidatane er årets komet på distansen, Sara Dorthea Jensen frå Bryne, Anna Sofie Førre (Haugesund), Caroline Fleischer (Ski) og Irene Johansen (Sørum).

I eit par blogginnlegg før UM er det gjort eit poeng av at U18-VM- fararen Amund Høie Sjursen har slite med ein skade i andre del av sesongen. Han har gått glipp av både junior-NM og hovud-NM. Til UM skal Amund, men favorittøvingane 100 meter og lengde heng i ein tynn tråd. I lys av det er det gledeleg å fastslå at Amund kjempar om gullet i høgde, gutar 17! Karsten Warholm står over høgdekonkurransen denne gongen, noko som betyr ein svært spennande og jamn konkurranse mellom dei 13 påmelde og, altså, at Amund absolutt har gullsjanse. Han har, saman med Eric Alberto Marhaug (Bodø), årsbeste på startlista med sine 1,90. Om ikkje det var nok, så er Magnus Leikvoll utfordrar til medalje. Marius Skauen (Fredrikstad) er berre eitt av fleire namn som også vil kjempa om medalje. Dette er på papiret ein av dei mest opne og spennande konkurransane under UM.

Sondre Rinde er som vanleg ein travel kar når det er stemne og meisterskap. Både i tresteg og 300 meter hekk i gutar 15 er Sondre medaljekandidat. I tresteg er det 8 namn på startlista. Sondre er 3. rangert, bak Toralv Opsal (Ålesund) og Henrik Skulevold (Sandnes). På langhekken er det berre fire påmelde, og det er etter måten tett mellom dei fire, med Opsal eit lite hakk framfor Sondre, og med Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve) og Thomas Svendsen (Fredrikstad) bak der.

Til slutt i dag til 800 meter, jenter 16, der 97-gjengen i klubben blir representert av Thyra Hevrøy. På denne distansen er det høg kvalitet og solid breidde i toppen. Thyra er rangert som nr. 17 av 23 utøvarar på førehand, men får gode ryggar uansett heat. Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), Kristine Gundersen (Børsa) og Benedicte Myhre (Sem) har best tider på førehand.


Etter rangeringa er medaljetipset så langt:

4 - 6 - 1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar