torsdag 19. september 2013

Vått farvel til Norna

Nei da, Norna-Salhus består - det er ikkje det.

Men årets siste Norna-karusell på Fana Stadion blei avvikla i skikkeleg haustver onsdag kveld. Og deltakinga stod vel slik nokolunde i stil med veret - og at det er heilt på slutten av sesongen.

Men ein kan alltid stola på ein Seliussen - eller tre - og også eit par andre Gneist-arar stilte gladeleg opp:

André Seliussen (G12) har hatt ein strålande førstesesong i Gneist-drakta - og spesielt har hausten vore fin for André. Onsdag blei det god tid på 1000 meter: 3:08,83.

Etter Tyrvingtabellen var Thyra Hevrøy (J16) og Linn Seliussen (J15) så godt som jamngode på 1000 meter: Thyra sprang på 3:21,98 (820 poeng) og Linn på 3:24,89 (816 poeng).

Pappa Morten Seliussen vann KM-bronse på 10.000 meter (innlagt i stemnet) - og det er slett ikkje dårleg berre det! Morten sprang i mål på 36:51,40.

*

Både representantar fo familien Seliussen og alle andre er naturlegvis velkomne til den skikkelege løpsavslutninga på Fana Stadion neste onsdag, 25. september, når BFG avviklar sitt løpsstemne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar