mandag 9. september 2013

Best i Norge! - UM-festen dag 1

Trygt heime igjen - både familien og Caravellen - frå tidenes UM i friidrett for IL Gneist. Gneist toppar medaljestatistikken framfor Norges største klubb, Tyrving. Tyrving hadde 82 kvalifiserte utøvarar, Gneist hadde 28 deltakarar på Lillehammer. Sterke saker, svært sterke saker.

Sidan det skal skje opptil fleire saker og ting denne mandagen, 9. september, så blir gjennomgangen stykkevis og delt - det skal jo stemmast, mellom anna, i løpet av dagen.

Først til dag 1 - fredag 6. september:

Framfor alt symboliserte 1500 meter hinder-løpet i J16 Gneist-dominansen det skulle bli denne helga. Tredobbelt siger var over all forventning, men det skjedde også i eit felt der utøvarane imponerte med sterke tider, alle som ein. Anna Serine Røssland vann på 5:08,49 (1075 poeng). Det er betring av eigen J16-klubbrekord i Gneist med 13 sekund, det er også ny klubbrekord i BFG Bergen på distansen. Eline Myking persa også med 13 sekund og tok ein glimrande 2. plass på 5:13,36 (1053 poeng), medan Thyra Hevrøy persa med godt over 20 sekund (!), då ho spurta forbi dei aller fleste og vann tredjeplassen på målstreken med tida 5:14,25 (1049 poeng).

Sondre Rinde (G15) sletta eigen klubbrekord i tresteg då han kom seg over 13-meteren for første gong. Han hoppa 13,17 (vann sølv) og plukka med seg 1037 tyrvingpoeng.

Jens Larsen Åstveit (G16) persar og persar i denne jubelsesongen. På 1500 meter hinder var det rettnok debut, men den gjekk svært godt for seg: Jens sprang på 4:42,46 (986 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J17) fann formtoppen på Lillehammer. På 100 meter blei det årsbeste på 12,74 (977 poeng). Årsbeste blei det også på 400 meter (der det i tillegg blei sølvmedalje!) med 58,85 (967 poeng).


Og så blei det heile 10 medaljar første dag - og mitt førehandstips var på god veg til å bli dømt alt for smålåte (20 medaljar totalt):

MEDALJAR:
- GULL: Anna Serine Røssland, J16, 1500 meter hinder
- GULL: Monika Benserud, J17, tresteg

- SØLV: Eline Myking, J16, 1500 meter hinder
- SØLV: Vilde Lund Bjørnsen, J17, 400 meter
- SØLV: Sondre Rinde, G15, tresteg
- SØLV: Amund Høie Sjursen, G17, 100 meter

- BRONSE: Thyra Hevrøy, J16, 1500 meter hinder
- BRONSE: Monika Benserud, J17, 100 meter
- BRONSE: Sondre Rinde, G15, 300 meter hekk
- BRONSE: Eirik Leikvoll, G15, stav

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar