onsdag 18. september 2013

Kvalifiserte, senior-NM 2014

Til vanleg har eg for vane å kasta blikket på kvalifiserte til neste års meisterskap - enten om det er UM, junior-NM eller senior-NM - med ein gong inneverande års meisterskap er over. Såleis er oversikten over kvalifiserte til senior-NM 2014 noko forseinka.

Men her kjem den. Hovud-NM i 2014 skal gå i august månad på den framleis etter måten nye stadion til Ullensaker/Kisa på Jessheim - med hotella på Gardermoen som nærmaste overnattingsstader.

Desse er kvalifiserte så langt:

KVINNER
Marianne Benserud (stav)
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
Sara Berrefjord (100m, 200m)
Martine Eikemo Borge (200m, 400m, 800m)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
Renate Lie (200m, 400m)
Elise Una Mikkelsen (100m)

MENN
Amund Høie Sjursen (100m, 200m, lengde)

Øvingane i parentes er dei øvingane utøvarane har klart kvalifiseringskravet i. Framleis er det slik at ein i prinsippet kan delta i kva for øvingar som helst, når ein først har klart kravet.

**

Til sist - her kjem ei utfordring til oss sjølve i BFG Bergen: Etter mitt syn bør det vera rom for ei vesentleg auke av NM-kontingenten i 2014. Det er såpass mange utøvarar som ligg i vass-skorpa til å klara kvalifiserinskrava at med ei rimeleg heving av nivået i klubben gjennom vinteren, så bør dette sjåast igjen på Jessheim neste august:

HER bør BFG (i alle fall) ha som mål å få kvalifiserte i 2014 - i tillegg til dei som alt er på lista:

* Sprint for menn
* Mellomdistanse for menn
* Langdistanse/hinder for menn
* Sprint for kvinner
* Mellomdistanse for kvinner
* Langdistanse (3000) for kvinner
* Høgde/lengde for kvinner

Eg veit ikkje om det er mitt tips, men det er i alle fall mitt råd om kva som bør vera målet for BFG til 2014: Eit tal på mellom 15 og 20 kvalifiserte til NM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar