lørdag 14. september 2013

Bergenslekene - dag 1

Jammen sa eg "Sees i regnet"...

Om dette var motto og mål for Bergenslekene, ja så var det fullklaff aldeles første dag, lørdag. Men midt i alt dette striregnet blei det altså prestert nokre forrykande resultat. I sprintøvingane var det noko så sjeldan på Fana Stadion som lillehammersk medvind!

Dagens klart sterkaste enkeltresultat serverte Kristoffer Blücher (G14), då han sprang 100 meter heilt ned på 11,65! Det er verdt heile 1119 poeng, det er ny kretsaldersrekord og berre knapt (eit tidel) bak den norske aldersrekorden.

Sondre Rinde (G15) slo til med 28,08 (1019 poeng) på 200 meter hekk. Då sletta han klubbrekorden til Marius Benserud frå 2004 (28,59) og Lars Jørgen Ytrehus frå 1979 (28,3, manuelt). Sondre persa også med to nye centimeter i lengde, til 6,05 (980 poeng).

Herman Ellingsen (G11) presterte ein fantastisk 60 meter på 8,79. Den er også verdt 1002 poeng og gir dermed fullt medlemskap i den vidgjete klubben. 2013-sesongen har vore eit lite eventyr for Herman.

Silje Stenersen (J13) persa på 800 meter med tre tidelar, til 2:24,19.

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang sin 60 meter på 8,44 (989 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) flytta 100 meter-persen sin heilt ned til 12,92 (979 poeng).

Høgde er mellom øvingane ein ikkje reknar med gode resultat i når regnet strøymer ned. Håvard Rinde (G12) trassa denne gamle visdommen og persa til heile 1,44 (958 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) sprang 60 meter på 9,64 (894 poeng. Verdifulle kastpoeng blei det på også på Emma: Ho støtte kula 5,09 meter (876 poeng).

Eline Myking (J16) har teke godt vare på UM-formen og persa på 800 meter til 2:23,69 (884 poeng).

Ingeborg Strandenes (J10) sprang 60-meteren på 9,98 (802 poeng).


... og så "sees vi i... vinden" søndag...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar