fredag 20. september 2013

PU til Strandebarm

Det er jo i desse tider mykje snakk om 1000 poengsklubb, "Årets mest framgangsrike", medaljestatistikkar og store mål for komande år.

I helga reiser ein gjeng med utøvarar til Strandebarm med det eine målet for auga - å ha det rasande moro.

10 av utøvarane i Gneist Friidrett PU skal endeleg få koma seg på treningsleir! Det blir 3-4 gode fellesøkter og mykje tid til å gjera nett ein kva vil. Og lørdagskvelden blir det berre fest og moro. Me får seia det som det er.

Og ei meir passande helg kunne me heller ikkje finna - eg tenkjer ikkje på veret, men på det faktumet at komande tirsdag er det nøyaktig 2 år sidan me starta opp første treninga i det som då var titulert som eit "prosjekt".

Me kan vel trygt fastslå at prosjektet har kome inn i andre, meir varande former no.

Og no er det tid for å innta den gamle husmorskulen - sportellet - i Strandebarm for full musikk!

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar