tirsdag 3. september 2013

Før UM - 7. og siste bolken

Då tar me resten og kjem i mål, før Indian Summer kjem over oss, både her vestpå og på Austlandet: Det er ikkje måte på kva for september-temperaturar me blir lova!

I diskos, gutar 17 går Amund Høie Sjursen broderen i næringa. Han er ein av 8 på startlista og Amund er faktisk 6. rangert. Favoritt er Thor Olav Rosvold (Asker), med solide kastgener, medan Tarald Strømsnes (Ask) og Erlend Ulvestad (Brodd) er andre medaljefavorittar.

Sondre Rinde er gullfavoritt på 100 meter hekk, gutar 15. Toralv Opsal (Ålesund), som er favoritt i så mange andre øvingar, er hakket bak på førehand, medan Vegard Hope Bjørge (Eiker-Kvikk) er bronsekanddidat. Totalt 5 er påmeldt korthekken.

I stav, gutar 15 blir det medalje på alle som stiller - berre 3 er påmeldt. Audun Bakke Jensen (Koll) er soleklar favoritt, medan Eirik Leikvoll er sølvkandidaten. Tredjemann på lista er Jan Robert Nijmeijer (Urædd).

Siste individuelle øving eg har på lista mi er stav, gutar 17, der Gneist stiller med 2 av 5 utøvarar. Mangt og mykje kan skje i stav, men våre to, Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim er rangert som nr. 4 (Magnus) og 5 (Håvard) på førehand. Jon Simen Mangseth Hilstad (Moelven) har hatt fin framgang i år og er favoritt, med Jonas Bergkvist Melå (også Moelven) og Steinar Sollien Nicolaisen (Horten) rangert framfor våre to.

Heilt til sist til stafettane:

Her er det BFG som stiller lag - sjølv om brorparten av utøvarane vil koma frå Gneist: Eit gutelag i G15-16 og eit jentelag i J17-19. I begge høva er det snakk om 1000 meter stafett. No har eg naturlegvis finvurdert alle aktuelle kandidatar og kan spå om kven som blir trøyttast når me kjem til avslutninga søndagen for kvart enkelt lag.

Vel, å spå om 1000 meter stafett er vanskeleg, uhyre vanskeleg. For gutane er det 8 lag påmeldt, for jentene heile 12 lag. Eg nøyer meg med å fastslå at BFG er medaljekandidat i begge klassar, om alt klaffar. For gutane er det heile 5 lag som kan kjempa om medaljane, slik eg ser det. Her er normalt Dimna klarast favoritt, medan det synest ganske jamnt mellom Koll, BFG, Ullensaker/Kisa og Tyrving sitt førstelag. For dei eldste jentene verkar Tyrving aller sterkast, Steinkjer kan bli gode om 400-meteren sit som den skal, medan lag som Kristiansand, Selsbakk, Sandnes og Haugesund også kan bli utfordrarar til BFG i kampen om medalje.


Heilt til sist: Etter vurderingane kan det vanka 6 gull, 8 sølv og 6 bronse til Gneist (inkludert eventuelle stafettmedaljar til BFG). No kryssar me fingrane og satsar på at alle er så godt som skadefrie og friske når me kjem til helga. Likevel: I praksis vil det bli stang-ut her og der, men det blir etter erfaringa også ein del stang-inn. 

DIFOR: Mitt utgangspunkt er at Gneist (/BFG) kan nå opp i 20 medaljar i årets UM, noko som vil vera ei knallsterk bragd - og føra klubben opp mot dei aller beste i landet.

Og stigninga har vore bratt: I 2011 blei det 3 medaljar til Gneist i UM (alle i bronse). I 2012 steig det til 7 medaljar (3 gull og 4 bronse). 

Men først skal det no konkurrerast då...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar