søndag 15. september 2013

Bergenslekene - dag 2

Då var årets siste helgestemne over på Fana Stadion. Symbolsk nok enda det med vind, regn og temmeleg frostig, både på tribune og på konkurranseplass. Det blir godt med ein pause no, både for den eine og den andre. MEN: Heilt slutt er det ikkje. Mellom fleire småstemne finst det mest tradisjonsrike (...), nemleg det avsluttande løpsstemnet siste onsdagen i september - i år den 25.

Men (II): haust ingen hindring. Her var fine resultat å rapportera heim om også frå siste dag av årets Bergenslekene:

Silje Stenersen (J13) sprang 1500 meter på 4:53,59 (1068 poeng). Det blei ny pers og betring av eigen klubbrekord i J13. Det er også kretsaldersrekord, som ho no må seiast å ha saman med Marit Aarre frå Eidsvåg, som sprang - manuelt - på 4:53,5 i 1974.

Amund Høie Sjursen (G17) sprang (endeleg) 200 meter. Og det gjorde han med bravur. Tida blei 22,54 (1039 poeng). Det er seks tidelar betre enn Marius Benserud sin gamle klubbrekord i G17. Det er også fattige sju hundredelar bak U20-rekorden i BFG.

Pål Haugen Lillefosse (G12) persa med eitt hundredel på 60 meter hekk - til 9,96 (1048 poeng) - og betra dermed også klubbrekorden med det same hundredelet. Pål tangerte også lengde-persen sin på 4,88 (986 poeng).

Håvard Rinde (G12) følgde opp på same distansen - 60 meter hekk, altså - og sprang på 10,06 (1028 poeng). Håvard betra seg til 4,69 i lengde (948 poeng).

Endå eit nytt medlem i 1000 poengs klubben! Dei nye flotte lokala til IL Bjarg på Stavollen må truleg til for å halda "medlemsmøta" no! Dagens medlem heiter André Seliussen (G12), som har betra seg jamnt og trutt på 1500 meter utetter sesongen. Søndag blei det 4:53,39 - og altså 1004 tyrvingpoeng.

Herman Ellingsen (G11) hadde ein ny fin dag: Han hoppa 4,49  i lengde (988 poeng), sprang 60 meter hekk på 10,82 (936 poeng) og 80 meter på 12,03 (894 poeng).

Sjølv om målet var ei endå sterkare tid, så blei det no rekord både av det eine og det andre slaget for Anna Serine Røssland (J16) på 2000 meter. Tida 6:54,16 (935 poeng) er nøyaktig 22 sekund betre enn den gamle J16-klubbrekorden til Vilde Omholt. Men det er også kretsaldersrekord, nokre tidelar betre enn Synne Visnes si tid frå 2010.

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) har hatt eitt år i Gneist-drakta og sprang truleg sitt siste baneløp som Gneist-ar søndag. (Neste år blir det "berre" BFG for Erlend.) Avslutninga førte med seg 5:54,63 på 2000 meter (916 poeng), og dermed blei det klubbrekord i G19 for Erlend (den var ledig).

Gjert Høie Sjursen (G13) sprang ein, for han, sjeldan 60 meter hekk. Det blei 10,27 i tid (906 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) sprang på 6,89 på 40 meter (898 poeng). I tillegg hoppa ho 3,61 i lengde (897 poeng).

Eit godt lengderesultat blei det også på Amalie Ellingsen Nyheim (J11), som hoppa 3,73 (869 poeng).

Stian Norheim (G17) sprang sin 2000 meter på 6:14,98 (869 poeng).

Trym Andresen (G15) sprang 2000 meter på 6:41,40 (836 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar