mandag 2. september 2013

Før UM - 6. bolken

Det er ikkje heilt Deadline Day, eg treng i alle fall éin dag til før eg er i mål med alle Gneist-startane til årets UM.

I høgde, gutar 15 er Eirik Leikvoll utfordrar til medalje - 4. rangert som han er. Han er ein av fleire som er éin fattig centimeter bak 3. rangerte Inge Eide Johnsen (Fana). Favoritt er (også her) Toralv Opsal (Ålesund), med Mathias Wester frå junior-NM- arrangør Overhalla bak der. Her det 9 påmelde.

Stian Norheim skal på lørdag jakta medalje på 2000 meter hinder i gutar 17. Stian er hinderspesialist og bør absolutt ha sjansar her. Eg rangerer han på bronseplass på førehand, bak Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Sigurd Mjøen (Vollan). Stian er ein av seks på startlista.

Meir hinder: Både Stian Øvergaard Aarvik og Jens Larsen Åstveit er påmeldt 1500 meter hinder, gutar 16. I denne klassen har det kome 11 påmeldingar. Lars Lunde (Stord) synest å vera i god formstigning og er favoritt, framfor Stian og med Sondre Strøm (Laksevåg) på 3. plass. Jens har mindre erfaring med hinder, men blir rangert på ein 6. plass på førehand.

Endå meir hinder: I jenter 16 blir det også sprunge 1500 meter. Medan det tragisk nok er 0 deltakarar i jenter 15 si hinderøving (!), så er det fine 11 utøvarar på lista i J16. Her er dei to Børsa- jentene Johanna Jansson og Kristine Gundersen favorittar, etter fine tider i deira hinderdebut på Trondheim Stadion nyleg. Fjorårsvinnar Anna Serine Røssland er 3. rangert. Også Eline Myking (5) er medaljeutfordrar. I tillegg er Ingrid Næss Johansen (6) og Thyra Hevrøy (7) med frå Gneist, så sjølv om trønderane har favorittane, så er det Fana Stadion som har hinder-miljøet i Norge nett no.

Også dagens siste øving er for jenter 16, nemleg 3000 meter, som går på søndag og som har så mange som 14 namn på startlista. Tre av desse er frå Idrettslaget Gneist si friidrettsgruppe. Her må Anna Serine Røssland finna seg i å vera favoritt, med dei tre beste tidene på distansen så langt i år. Ingrid Næss Johansen har nest-beste bestetid. Både 3000-debutant Kristine Gundersen (Børsa), Marthe Klausen (Sturla) og også 3000-debutant Eline Myking har medaljesjansar.


Eg er i ferd med å mista teljinga, men vurderingane skal no tilseia følgjande medaljefangst:

5 - 7 - 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar