søndag 1. september 2013

1000 - og litt til

Me har oppført oss fint i helga. Me blei nøydde til det, omgitt som me var av politifolk. BFG Bergen var teknisk arrangør av årets Politimesterskap - der det blei kåra politimesterar (ja, dei blei kalla det) i ei rekkje øvingar.

Svært positivt var det at Benedikte Liland i løpet av mesterskapet serverte BFG nærare 3000 poeng (!) heilt åleine i årets lagserie, og - altså - på eiga hand løfta BFG-damene opp frå nedrykksplass til ein plass på øvre halvdel av landsseriens øvste divisjon. Fantastisk!

Heilt på slutten av Politimesterskapet blei det lagt inn eit par løpsøvingar for ikkje-politifolk i eit offisielt treningsstemne.

80 meter sprang Monika Benserud på 10,39 (970 poeng) og Vilde Lund Bjørnsen på 10,68 (909 poeng). Monika si tid er ny klubbrekord i Gneist i J17 - der det ikkje var notert nokon 80 meter-rekord frå tidlegare, men me er storsinna og noterer ein no.

1000 meter var det Renate Lie (J15) som hadde sterkaste prestasjonen. Ho vann kvinneklassen på 3:10,09 (914 poeng).

Men det var Eline Myking (J16) og Vilde Omholt (J18) som sette kvar sin klubbrekord. Eline sletta like så godt Vilde sin to år gamle rekord i J16, då ho sprang i mål på 3:15,74 (882 poeng), medan Vilde sette ein splitter ny rekord i J18, då ho fekk tida 3:25,02.

Ein løpar sprang 1000 meter på gutesida. Det var Ole Martin Røssland (G18), som fekk tida 2:46,73 (848 poeng).

*

... Og litt til: Det var ein sur avslutningsdag av Peab-leikane på Osterøy søndag. Det blei mange flotte Gneist-plasseringar, men eg har berre notert meg ei forbetring. Det var Anna Evensen som sprang 200 meter hekk på 33,01 (969 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar