mandag 9. september 2013

UM-festen dag 3

Siste dag av årets UM blei den varmaste og finaste på tribunen, medan Gneist-gjengen var noko fredelegare i medaljefatet. Ingen gull den siste dagen, men ei handfull medaljar til blei det no - og nokre framifrå prestasjonar også.

På 2000 meter i G15 fekk me sjå ein fantastisk duell mellom Henrik Irgens Gravdal og Thomas Jefferson Byrkjeland frå Tjalve, der sistnemnde overraskande trekte det lengste strået. Men begge sprang inn på fantastiske tider - som høvesvis nr. 2 og nr. 3 på Alle tider-statistikken. Berre Sondre Nordstad Moen - med aldersrekorden på 5:35 har vore betre. Og det er ei røys sterke namn på lista bak søndagens kumpanar. Løpet til Henrik er verdt heile 1111 (stilig) poeng. Og det er klubbrekord både i G15 i Gneist, men også i BFG Bergen på distansen.

Renate Lie (J15) vann bronsen på 200 meter med 25,79, og ho sette med det også ein fin ny pers (1055 poeng).

Monika Benserud (J16) blei nr. 4 på 200 meter, men det gjorde ho på den gode tida 25,60 (1023) poeng. Her blei det også endå ein sesongbeste for Vilde Lund Bjørnsen (J16), med 25,84 (1004 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) persa med nesten halvminuttet (!) på 3000 meter, då han sprang inn på 9:19,51 - altså berre fire og eit halvt sekund bak junior-NM- kravet (979 poeng).

Det blei to nye solide løp av Anna Serine Røssland (J16) og Eline Myking (J16), denne gongen på 3000 meter. Anna Serine persa til 10:35,00 (977 poeng), medan Eline debuterte på distansen på sterke 10:44,33 (955 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) persa endå ein gong, denne gongen med 6:28,61 på 2000 meter (893 poeng).

Henrik Almenningen (G16) fekk to sure 4. plassar i hoppøvingane tresteg og lengde i hegla. I lengde blei det tangering av pers (frå innesesongen), på 5,86 (892 poeng).

Det blei sesongbeste på 800 meter for Andreas Iden (G18) med 2:06,34 (804 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) oppnådde sesongbeste i stav med 3,01 (555 poeng), det same gjorde Håvard Våge Opheim (G17) med sinde 2,91 (485 poeng).


Ingen Gneist-gull siste dagen, altså, men totalt blei det 8 GULL, 7 SØLV og 9 BRONSE! Det blir 24 medaljar til saman og dermed blei Gneist aller beste klubben i årets UM - ein strålande prestasjon. Men det er også ein unik breidde. Trond Leikvoll har laga ein oversikt som fortel at 21 ulike utøvarar har teke individuelle medaljar i UM/NM i 2013 - i tillegg til 6 stafettlag. Det er også så mange som 9 ulike utøvarar som har teke individuelle gullmedaljar i år.

MEDALJAR siste dag:
- SØLV: Anna Serine Røssland, J16, 3000 meter
- SØLV: Henrik Irgens Gravdal, G15, 2000 meter

- BRONSE: Renate Lie, J15, 200 meter
- BRONSE: Eline Myking, J16, 3000 meter

Når det gjeld spørsmålet om Bloggaren er beskjemma over at tipset mitt stoppa på 20 medaljar, så vil eg seia at eg er beskjemma på ein veldig positiv måte...

**

OG SÅ... blei det jo GULL også siste dagen. For heilt på tampen vann BFG Bergen sitt stafettlag 1000 meter stafett i jenter 17-19. Her var tre av fire jenter frå Gneist, den fjerde var startjenta Elise Una Mikkelsen, medan dei andre på laget var Monika Benserud, Vilde Lund Bjørnsen og Renate Lie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar