Eg har lyst til å lova at dette er
siste gongen denne bloggen blir brukt til å skriva noko om Fana, men dessverre
kan eg ikkje lova slikt.
Det
er til ein viss grad utanfor min kontroll. Som når friidrett.no i dag
presenterer NECON-klubben Fana. Det er vel og bra, Fana må gjerna få vera
Necon-klubb, for min del.
Slike
klubbpresentasjonar har friidrett.no hatt mange av, både i 2012 (då ordninga
starta opp) og i 2013. Dette er gjerne rosemalte framstillingar av dei aktuelle
klubbane, av status og av framtidsplanar. Heilt ok det også.
Men i denne presentasjonen av Fana finst namnet "BFG" heile 8 - åtte - gongar!
BFG
er nok kvitt Fana, men Fana er tydelegvis ikkje kvitt BFG.
Sagt på ein annan måte: Fana
klarer ikkje presentera seg utan å snakka om BFG – heile åtte gongar.
BFG Bergen klarer fint å presentera
seg utan å gjera det motsette:
BFG Bergen har utvikla og
integrert samarbeidet med samarbeidsklubbane monaleg. Alle tre klubbane er
formelt integrert i BFG sitt styre, med fulle rettar.
BFG Bergen legg til grunn at BFG
si rekruttering i svært stor grad er
samarbeidsklubbane. Både Bjarg og Kalandseid har gode miljø, som leverer
utøvarar til BFG-gruppene. Gneist er landets beste barne- og ungdomsklubb.
Klubben har 24 utøvarar som har nådd
1000 poeng inneverande sesong.
Det er krevjande å ha gode barne- og ungdomsmiljø (til og med 19 år).
Difor finst BFG Bergen, for å tilby ressursar for eldre ungdommar og seniorar.
BFG Bergen er ikkje ein konkurrent til Bjarg, Kalandseid og Gneist.
BFG Bergen spelar på lag med
samarbeidsklubbane.
Det er ikkje noko problem om
utøvarar stiller på BFG-trening i utstyr frå samarbeidsklubbane. Det er ikkje
noko problem om utøvarar stiller på trening i samarbeidsklubbane med
BFG-utstyr.
For ungdommane i BFG sine
samarbeidsklubbar i dag skal det vera ei ære å kunna kvalifisera seg for
Holmenkollstafett, for junior- og senior-NM - og dermed kunna ikle seg BFG
Bergen-drakta.
Ok, så må eg seia noko om Fana
også – heilt til slutt:
Ein stad i den famøse artikkelen heiter det:
"Det som skjedde på årsmøtet for rundt regnet et[t] år siden, har gjort Fana utelukkende godt."
Det
som skjedde på årsmøtet til Fana for eitt år sidan, har gjort BFG utelukkande
godt.
Og
det har styrka Gneist på fleire vis.
Pr. i
dag samanliknar me epler og kaniner: Fana er pr. i dag ingen konkurrent på
junior- eller seniornivå for BFG Bergen.
(Fana har visst også, ifølgje
artikkelforfattaren, flyttta til "Bergens beste vestkant". Jaja, John
Olav Nilsen treng no ein ny gjeng der ute.)
Då var eg ferdig med det. Neste blogginnlegg handlar om Gneist og BFG Bergen!
Og artikkelen om F finst her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar