mandag 9. september 2013

UM-festen dag 2

Lørdag heldt UM-festen på Stampesletta fram med uforminska styrke. Det aller meste gjekk stolpe-inn for Gneist-troppen.

Sondre Rinde (G15) vann 100 meter hekk på 14,36 (1070 poeng), og med det sletta Sondre Marius Benserud sin 9 år gamle klubbrekord på distansen.

1000 poengs-klubben får stadig heilt nye medlemmer. Fredag blei Eline Myking og Thyra Hevrøy ønskt velkommen. Lørdag var turen endeleg komen til Emil Engelsen Holm (G16), som sprang persen sin på 200 meter heilt ned på 23,06 (1037 poeng). Det er også sletting av Espen Liland sin 8 år gamle klubbrekord i G16.

Renate Lie (J15) sprang ein flott 800 meter, persa til 2:17,06 (1021 poeng) og fekk med seg ein bronse attpå.

Monika Benserud (J17) vann gull i lengde på 5,65 (1021 poeng). I tillegg sprang ho 200 meter-kvalifiseringa si på 25,72 (1014 poeng).

Det har lete venta på seg med medlemskapet i den nemnde 1000 poengs-klubben i år for Ole Martin Røssland (G18). Men med pers med 11 sekund på 2000 meter hinder - til 6:12,78 - blei det sikra (1009 poeng).

Nøyaktig 1000 poeng er den nye høgde-persen til Amund Høie Sjursen (G17) verdt. Han hoppa 1,93 då han vann eit ganske klart UM-gull. Det er også ny U20-rekord i øvinga i BFG Bergen.

Stian Norheim (G17) har opplevd å vera like utanom dei 1000 poenga tidlegare, med 999 poeng. Denne poengsummen blei det på Stian også lørdag, då han persa skikkeleg på 2000 meter hinder, til 6:25,06. I tillegg blei det bronse.

Eirik Leikvoll (G15) gjekk heilt til topps i høgde, med ny pers 1,77 (979 poeng).

Henrik Almenningen (G16) har jakta junior-NM- kravet i tresteg mykje av sesongen. Etter UM er han no berre to fattige centimeter unna: 12,68 oppnådde han der (938 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) persar som ein vane. På 800-meteren er bestetida no flytta ned til 2:03,98 (928 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) presterte eit nyt solid løp. Det blei pers med 3 sekund på 800 meter - med tida 2:08,19 (924 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) hadde meir futt i beina etter kanonløpet på hinder fredag. 2:23,79 på 800 meter er pers med nesten to sekund (883 poeng).


** Etter 2 dagar av UM hadde så Gneist oppnådd heile "kvoten" på 20 medaljar!

8 gull, 5 sølv og 7 bronse var fasiten lørdagskvelden.

MEDALJAR:
- GULL: Monika Benserud, J17,l lengde
- GULL: Sondre Rinde, G15, 100 meter hekk
- GULL: Henrik Irgens Gravdal, G15, 800 meter
- GULL: Eirik Leikvoll, G15, høgde
- GULL: Amund Høie Sjursen, G17, høgde
- GULL: Amund Høie Sjursen, G17, lengde

- SØLV: Marianne Benserud, J18/19, stav

- BRONSE: Renate Lie, J15, 800 meter
- BRONSE: Stian Norheim, G17, 2000 meter hinder
- BRONSE: Ole Martin Røssland, G18/19, 2000 meter hinder

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar