torsdag 2. august 2012

Tilbake på karusellen

Onsdag var opptil fleire utøvarar tilbake på karusellen - Norna-karusellen - etter sommarferie (eller "sommarferie"; det har nok vore rimeleg bra med trening siste vekene også for dei fleste).

Ein som definitivt held fram der han stemna (i Gøteborg), det er Kristoffer Blücher (G13). Han sprang 300 meter på 41,24 (1045 poeng), noko som er klubbrekord med over to sekund. (Aleksander Lie hadde den gamle på 43,31 frå 2009.) Tida til Kristoffer er også den beste ein 13-åring har gjort nokon gong i heile landet!

Men Kristoffer stoppa ikkje der. Han sette også ny klubbrekord på 100 meter, då han sesongdebuterte på distansen med 12,71 (1015 poeng). Torgeir Hasås hadde den gamle klubbrekorden med 12,99 frå 1997 (12,8 manuelt).

Sondre Rinde (G14) hadde solid (hekke-)form sist han var på ein friidrettsbane. Onsdagskvelden blei det ny forbetring for Sondre på 300 meter hekk. 44,02 er den nye bestetida på (1031 poeng).

Aleksander Lie (G16) sesongdebuterte på 300 meter med 40,24 (841 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) sletta persen på 800 meter (sett innomhus på Leikvang i januar). Han kom i mål på 2:07,17 (825 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) nærma seg sin pers (2:03,27 frå september i fjor), då han flytta sesongbeste på 800 meter ned til 2:04,46 (811 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar