onsdag 22. august 2012

Før Ravnanger-UM - I

Det er ein sjanse å ta - å studera startlistene til årets UM nett med det same fristen er gått ut: Her er framleis mykje ryddearbeid. Eg fekk e-post frå leiaren i Rekord- og statistikkutvalet klokka 3:40 i natt med bøn om hjelp til å sjekka om alle dei som er påmeldt faktisk er kvalifiserte. Her finst ein del (ikkje mange, men mange nok) som må lukast ut av ein slik grunn, men det er også ein del som er godt innanfor kvalifiseringsgrenser, men som har prestert å melda seg på i feil årsklasse.

Med dette i mente så har eg røska laus fire øvingar til denne første gjennomgangen:

Først ut er 100 meter hekk, jenter 17. Her er det Marianne Benserud som er Gneist sin representant. 11 deltakarar finst på mi liste og med si tid frå i fjor (17,48 - like under UM-kravet på 17,50), så må Marianne finna seg i å vera eit stykke bak favorittane i denne øvinga. Her er det Synnøve Bjørgo Adam frå Fagernes, Eline Netland frå Sandnes og Lisa Celine Willassen, også Sandnes, som har best tider på førehand.

Så til sprintøvingane for gutar 15, der Emil Engelsen Holm stiller. På 100 meter er det 20 utøvarar påmeldt, Emil si tid på 12,31 er 15. beste av desse. Favorittar er Abou Granli Diomandé (Orion), Damian Steinke (Molde) og Nicolas Roppen Masters (Dimna), med Petter Villanger (Kalandseid) som nærmaste utfordrar av dei lokale heltane. På 200-meteren i same årsklasse er det først og fremst Emil har realistiske forhåpningar. Her er eg komen til 19 deltakarar og her er Emil heilt oppe på 5. plass på førehand, ikkje langt bak medaljeplass dersom han får ting til å klaffa. Dei same tre som på 100 meter - Diomandé, Steinke og Masters - har dei tre beste tidene på førehand.

Til sist i dag ei øving der Gneist faktisk har gode tradisjonar dei siste meisterskapa - ute og inne, nemleg stav, gutar 16. Der har me to utøvarar mellom dei sju påmelde, Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim. Begge har plukka med seg edelt metall sidan dei kom i UM-alder. Denne gongen er konkurransen tøffare, der våre karar har slite litt, samtidig med at ein del av konkurrentane har hatt fin framgang. Det betyr at Håvard er nr. 6 på førehand, Magnus nr. 7, men i stav kan svært mykje skje. Best resultat på førehand har Jonas Bergkvist Melå (Moelven), Jon Simen Mangseth Hilstad (også Moelven), Joachim Afzal (Mandal og Halse) og Steinar Sollien Nicolaisen (Horten).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar