mandag 27. august 2012

Gneistspelen

"Pappa, hvordan var det i gamle dager da dere ikke hadde bredbånd?"

Jo da, det er harde tider når internett er noko som finst hos naboen og på jobb og ikkje på heimekontoret. Det er då ein merkar at det er heilt ok å driva med statistikkarbeid for klubb(ar) og forbund sånn til vanleg - men ikkje utan nettsamband. (Siste: Nytt modem skal no vera observert i ein postbil på veg til Kiwi, Søreide.)

Vel, dette fører til at dette blir ein "super-gjennomgang" av Gneistspelen, altså ein som tar for seg alle tre dagane under eitt og dei store linjene. Veret var etter måten godt: dusjen blei skrudd på nett då arrangementet var ferdig lørdagen og på slutten av søndagen var det nesten som om sola steikte.

Først: Henrik Irgens Gravdal (G14) kopierte så godt som sitt fantastiske 800 meter-løp frå Mailekene nøyaktig tre månader tidlegare: Han sprang - i eit godt heat, med mange gode Gneist-prestasjonar - på 2:05,16, ni hundredelar betre enn Haugesund-tida og dermed også ni hundredelar under eigen klubbrekord (verdt 1069 poeng).

Amund Høie Sjursen (G16) gjorde ein strålande lengdekonkurranse og persa med heile 20 centimeter til 6,71 (1062 poeng). Også det er betring av eigen klubbrekord.

Broder Gjert Høie Sjursen (G12) hamna på nøyaktig 1000 poeng, då også han betra eigen klubbrekord. Det skjedde i kule og den nye rekorden er 11,31 (10cm betre enn den gamle).

Det var ei god helg for Sondre Rinde (G14), sjølv om han stoppa på 999 poeng på 200 meter hekk. Tid: 29,21. I lengde tar det til å smaka fugl også av Sondre sine prestasjonar: 5,69 blei det denne gongen (988 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) var med i det flotte 800 meter-heatet til slutt på søndagen. Han persa med om lag to sekund, til 2:06,70 (951 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J14) plukka med seg 944 poeng for sin 100 meter på 13,45.

Det var eit par-tre enkeltutøvarar som fekk det til å klaffa i opptil fleire øvingar, ei av dei var Nora Øvergaard Aarvik (J13). På 60 meter kom ho seg heilt ned på 8,65 (932 poeng), medan det blei 30,01 på 200m (819 poeng) og 1:49,83 på 600 meter (812 poeng).

Ei anna som finn formen seint på sesongen er Cathrine Harris (J14). Det blei årsbeste i lengde med 4,91 (928 poeng), så blei det 10,09 på 60 meter hekk (925 poeng), 8,80 i kule (880 poeng) og 14,11 på 100 meter (838 poeng).

Kristian Schjønningsen blei kaptein på G13-skuta i Kristoffer Blücher sitt skadefråver. I lengde landa Kristian på 4,97 (924 poeng), medan det blei 1:39,77 på 600 meter (862 poeng).

10-åringen Herman Ellingsen hoppa heile 3,73 i lengde, og sjølv om ikkje 10-åringar kan rangerast, så kan dei plukka tyrvingpoeng...: 916 blanke blei det til Herman.

Håvard Rinde (G11) har hatt jamn og god framgang det meste av sesongen. Denne gongen blei det 10,97 på 60 meter hekk (906 poeng) og 1:51,86 på 600 meter (821 poeng).

Pia Hovland (J11) hadde eit strålande lengdehopp på 3,86 (897 poeng).

Som nemnt var Kristoffer Blücher fotballskada i helga. Men broder Thomas Blücher (G12) tok ansvar og leverte 1:44,00 på 600 meter (870 poeng) og tangering av 60 meter-persen på 9,02 (832 poeng).

Både Jørgen Jensen Axelsen (G19) og Ole Martin Røssland (G17) var med i det alt nemnde sterke og gode 800 meter-heatet for gutar som avslutta spelen. Jørgen persa til 2:02,64 (844 poeng) og Ole Martin sin nye pers er på 2:06,49 (838 poeng).

Herman Hovland (G13) gir Kristian Schjønningsen selskap med solide prestasjonar i årsklassen: Det blei 4,49 i lengde (828 poeng) og 8,70 på 60 meter (811 poeng).

Anna Serine Røssland (J15) betra 800 meter-persen med eitt sekund (den gamle sett i september i fjor), då det blei 2:30,73 (816 poeng).

Stafettlaget på 4 x 100 meter for jenter 13/14 kom lørdag ettermiddag i mål på 53,72. Det er ny klubbrekord med eit halvsekund. Den gamle rekorden var det sterke jenter som hadde (Marianne Benserud, Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud og Tina Therese Jenssen). No skal eg ikkje vera skråsikker - sjølv om eg sat og såg løpet - for namna på resultatlista mi harmonerer ikkje med dei eg i alle fall trur sprang: Gina Milde, Michelle Floor Heggeland, Cathrine Harris og Renate Lie. Her er det lov å arrestera meg...

Så ein kuriøs klubbrekord til sist: Eirik Leikvoll (G14) er ikkje mest kjent som sleggekastar, men i helga slengde han av garde slegga til 20,79. Sidan dette var ei 4 kilos-slegge med 119,5-reim, så får me nesten notera det. Tidlegare er det operert med 110-reim. Og dermed blei denne gneistspel-gjennomgangen avslutta med sleggenytt for vidarekomne...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar