fredag 24. august 2012

Før Ravnanger-UM - III

Ok, så tar me ein bunke deltakarar og øvingar til, før det blir ny nettpause...:

100 meter for gutar 16 er det Amund Høie Sjursen som er Gneist sitt store håp. Amund har hatt flott framgang i år og er klar finalekandidat på 100-meteren. Han har 11,41 under godkjente vindforhold og har vore heilt nede på 11,31 med litt for mykje medvind. 11,41 held til å vera rangert som nr. 6 på førehand for Amund. Favorittane er Eric Alberto Marhaug (Bodø), Karsten Warholm (Dimna), Even Meinseth (Sørild) og Yobe Najar (BUL). Øvinga har 24 påmelde utøvarar.

Stian Øvergaard Aarvik er Gneist sin representant på dei lengre løpa i gutar 15 år. Me tar for oss den kortaste distansen først, 800 meter. Her stiller 18 utøvarar til start - fleire av dei nest-beste glimrar med sitt fråver, medan dei to beste i år, Abdurrahman Hir (Selsbakk) og Lars Lunde (Stord) er på plass. Bak dei følgjer Andreas Wathne frå Skjalg og vår nærmaste utfordrar lokalt, Stian-nabo Vegard Austevoll (Kalandseid). Stian er rangert som nr. 10 på førehand.

Til sist i denne omgang slår me fast at Gneist har meldt på lag på 1000 meter stafett for gutar. For det første: det er i seg sjølv veldig bra! Har ein nok utøvarar med i eit UM som vil stilla på stafett, så stiller ein. I fjor blei det 9. plass. Det blir det neppe i år, sidan startlista fortel om berre 8 lag. Men i tillegg ser laget i år minst like sterkt ut som det som stilte i Fredrikstad i fjor - dersom ikkje skadar og slikt endrar vesentleg på den påtenkte lagoppstillinga. Dei andre laga som er påmeldt er: Skjalg, Sandvin, Ullensaker/Kisa, Stord, Tyrving, BUL og Gloppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar