onsdag 22. august 2012

Silje overskugga veteranane

Det var mykje ståhei i den indre kretsen på førehand om kampen mellom veteranane Jostein Lie, Petter Rasmussen og Morten Seliussen på 800 meter under onsdagens Norna-karusell. Dessverre måtte Petter kasta inn handkleet på grunn av skade under oppvarminga. Ingen skal seia at ikkje Jostein og Morten gav alt i løpet - og dei imponerte i alle fall underteikna. Dei sprang opp mot sitt aller beste: Morten sprang på 2:19 (som han også hadde i Strandebarm, sjølv om resultatet aldri dukka opp offisielt) og Jostein gjekk frå "høg 2:24" innomhus til "låg 2:24" ute.

Men me konkluderer likevel at dette berre var oppvarminga og at me får nytt slag når Petter også er fit for fight.

Men med all respekt; overskrifta har alt Silje Stenersen (J12) stole frå denne kvelden: Ho sprang rettnok ikkje fortare enn dei to alt nemnde herrane, men med 2:26,28 imponerte Silje igjen. Ho pynta på persen frå Knarvik i mai med nesten fire sekund og - viktigare - ho slo May-Britt Thorkildsen sin 32 år gamle klubbrekord (2:27,1). Sterke saker, Silje!

Og elles:

Marianne Benserud (J17) hoppa årsbeste utomhus i stav, med 3,25 (1010 poeng).

Stian Norheim (G16) ser ut til å lykkast i nå sin beste form når det nærmar seg UM: Me tippar 9:36,98 på 3000 meter er eit steg på vegen mot endå sterkare tid neste helg på Askøy. Tida gir 932 tyrvingpoeng. I tillegg er den under kravet til neste års UM i G17.

Hans-Magnus Haukøy (G11) kom seg over 1,28 i høgde (930 poeng).

Og Nora Øvergaard Aarvik (J13) sprang 200 meter i god motvind på 30,25 (801 poeng).

Og då er det Gneistspelen neste...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar