onsdag 29. august 2012

First We Take Ravnanger...: Før Ravnanger-UM - VII

I går kveld var det dei gamle - på nesten 78 år - som var dei eldste på Koengen, der Leonard Cohen tok oss med på reise i musikalske perler gjennom fem tiår.

Til helga får me satsa på at det er ungdommen som regjerer under Ungdomsmeisterskapet, UM. Det skulle vera nest-siste bolken av gjennomgangen dette, før Closing Time (frå "The Future", 1992...):

Aleksander Lie er påmeldt 800 meter, gutar 16 - ei av favorittøvingane til Aleksander, sånn eigentleg. Han sprang då også svært lovande på distansen innomhus før han møtte på helseproblem utomhus. Det er 25 påmelde øvinga og Aleksander si ute-tid plasserer han som nr. 17 av desse. Edvard Kamperud Nygaard (Ås), Sigurd Blom Breivik (Sandvin) og Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) er sterkaste korta på førehand.

I høgde, gutar 16 er det Magnus Leikvoll som er vår ungdom. Han er på delt 6.plass på førehandsrangeringa med sine 1,70 av dei 10 påmelde. Karsten Warholm (Dimna) er klar favoritt, med Sverre Blom Breivik (Sandvin, broren til Sigurd, 800m), Jonas Kringen (Stjørdal) og Eric Alberto Marhaug (Bodø) bak der igjen.

Så følgjer ei tredje øving for gutar, 16 år, nemleg 1500 meter hinder. Hinder er ei spesiell øving på fleire vis, eit av dei er at det er mange som debuterer - i alle fall sesongdebuterer - når ein kjem til UM. Det er altså ikkje så mange tider å gå ut frå i ei førehandsrangering. Våre to, Aleksander Lie og Stian Norheim har nest-best og tredje-best tid på førehand av dei som har tider. Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) har best tid og er nok favoritt på distansen uansett vurdering. Andre muleg sterke karar her er trioen frå Stord - Lars Jonassen Føyen, Erlend og Sondre Mæland -, Håkon Steinshylla (Selsbakk) og - ikkje minst - Sigurd Blom Breivik (Sandvin). Men her skal altså likevel Aleksander og Stian kunna kjempa om medalje. Totalt er 15 gutar meldt på distansen.

Til sist for denne gong: jenter 15 år, 800 meter: Her er det Ingrid Helene Nyhus som er påmeldt i Gneist-fargar. Etter ein tung start, med disk på distansen i inne-UM i vinter, har Ingrid Helene kome solid i gang også på denne distansen. Med 2:25,81 er ho 11. rangert på førehand av dei 19 påmelde. Her er det elles godt håp om lokal medaljefangst: Emilie Larsen frå Orion er rettnok favoritt, men bak der er både Elina Drivenes og Målfrid Pettersen Lunde (Fana) med i medaljekampen. Også Maren Hauen (Ren-Eng) og Amalie Sæten (Kristiansand) må reknast med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar