lørdag 14. januar 2012

KM innomhus - til sommaren?

Sagaen om KM innomhus held fram. Som ein del mulegeins rekna med, så var det ein viss sarkastisk tone som låg over blogginnlegget i går, fredag den 13. Det er verkeleg ikkje slik at Hordaland Friidrettskrets la opp til eit KM med berre 60 meter for gutar 15, verkeleg ikkje.

No er den offisielle meldinga komen: Det oppsette KM innomhus 28. og 29. januar er utsett "pga kollisjon med NFIFs kompetansehelg i Trondheim". Dette er det to ting å seia om: Det er høgst uheldig at administrative arrangement (sjølv om kompetansehelga kan seiast å vera i eit grenseland) hindrar tilskipinga av sportslege. For det andre: kompetansehelga til Forbundet har stått på timeplanen i fleire månader. Igjen har eit terminfesta arrangement andre stader kome som julekvelden på kjerringa for vår lokale krets. I fjor var det slik at ein oppdaga at Veidekkelekene på Lillehammer skulle gå samtidig med stor-KM, om lag fire månader etter at tidspunktet var spikra på Lillehammer.

Så, inn i det litt konstruktive hjørnet, men berre litt: når skal så innomhus-KM (som skulle vera historias første) gå av stabelen (no då)? Vel, helga etter passar i alle fall særs dårleg for 13- og 14- åringar. Då er det leikar, sponsa av eit bilmerke frå Korea, borte i Stangehallen. Helga deretter er uaktuell. Då skipar Gneist til sine første pingvinleikar. Og helga deretter (18. - 19. februar)? Jo, det er helga då Pingvinlekene eigentleg skulle gått, men det gjekk ikkje, sidan Hordaland Friidrettskrets har kretsting nett den helga. Det skulle teke seg ut om ein no klarte å skipa til kretsting og kretsmeisterskap same helga.

Dei to neste helgene er det vinterferie. Det betyr at både utøvarar og funksjonærar er spreidd både her og der. Så er det inne-UM.

Og så kjem våren...

Ein får satsa på ein dårleg sommar i år også, så kan me trekka innomhus i juli...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar