Men alt første dag noterte me to klubbrekordar, det er ikkje dårleg den 6. januar. Den første sette Pål Haugen Lillefosse (G11). Han betra eigen rekord i stav med nesten halvmeteren (!), til 2,30. Det er også aller første medlemskapet i 1000 poengs-klubben i 2012. For 2,30 er verdt nøyaktig 1000 poeng. Pål presterte i tillegg 1,25 i høgde, som gir 909 tyrvingpoeng.
Nesten 1000 poeng alt tidleg i januar blei det på Ole Martin Røssland (G17), som persa med 16 sekund på 3000 meter, då han sprang inn til 9:01,46. Det er verdt 996 poeng. Vinnaren i heatet blei Jørgen Jensen Axelsen (G19), som sneik seg under 9, til 8:59,95 - verdt 954 poeng. Det er dei to beste poengsummane i løp så langt i 2012.
Den andre klubbrekorden stod Ingrid Helene Nyhus (J15) for, også det i ein UM-langdistanse. Ho sprang 2000m på 7:01,35, som er 21 sekund betre enn gamlerekorden til Vilde Omholt, sett i 2010. Løpet er også verdt 938 tyrvingpoeng, som er høgste løpssummen for jenter så langt.
Me tar også med at det blei ein fin høgdekonkurranse i G16, der både Håvard Våge Opheim og Magnus Leikvoll oppnådde pershøgda 1,65.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar