For dei uinnvigde: 5. mars kjem nyaste albumet til Bruce Springsteen, Wrecking Ball.
Og ja, det mest kjende sitatet er ("naturlegvis"):
"... And I saw something else: I saw rock and roll future and its name is Bruce Springsteen..." (Jon Landau i "The Real Paper", mai 1974)
Og det er dette sitatet eg kjem på når eg studerer Trond Engevik sin fantastiske statistikk-nettstad, som finst her.
Her finst rett og slett alt som er verdt å veta; her får ein landsstatistikk, kretsstatistikk, klubbstatistikk, personleg statistikk!...
Og eg såg noko meir: Eg såg friidrettsstatistikken si framtid og den finst på "Min friidrettsstatistikk".
Og eg såg ei framtid der me statistikkpuncharar får tid til å ta ein joggetur igjen (etter gammalt), får helsa på ungane og kona igjen, kanskje til og med får flytta eit papir eller to på jobben.
Eg oppmodar alle til å legga til side fjernkontrollen og la Min friidrettsstatistikk bli helgekosen.
Jo da, no er det berre opp til Friidrettsforbundet å ta lærdom av vår mann i Nittedal!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar