lørdag 28. januar 2012

Just testing, 150 og Eirik Leikvoll

Prologen til Pingvinlekene - eller Prøve-Pingvinlekene - gjekk av stabelen i Leikvanghallen lørdag. Der blei det sprunge eit par 200 meterar for senior, det blei hoppa stav og det blei sprunge 150 meter.

150 meter?... Jada, 150 meter. Den finst for så vidt som ei øving, men mest som ei treningsøving for sprintarar. Eg veit at sjølv statistikarar nøler med å ta distansen på alvor - og me opplever ganske subjektive val frå statistikar til statistikar når det gjeld kor vidt ein skal ta med resultat frå 150 meter. Det kan uansett ikkje setjast rekordar på distansen, berre "bestenoteringar".

Så, mitt subjektive val er at eg noterer - eller gøymer i hjarta mitt - følgjande: Flotte 150-meterar av Emil Engelsen Holm (G15: 19,05), Sondre Rinde (G14: 19,71), Kristoffer Blücher (G13: 19,83), Hans-Magnus Haukøy (G11: 24,09), Pål Haugen Lillefosse (G11: 22,18) og Thomas Blücher (G12. 22,65).

Så er det gjort.

Og så blei det hoppa stav. Her sesongdebuterte Monika Benserud (J16) i øvinga med 2,67 (828 tyvingpoeng), men først og fremst fekk me eit nytt rekordjagande svev frå stavkometen Eirik Leikvoll (G14). Han kom seg over 3,17, noko som gir 989 tyrvingpoeng og Eirik er no berre 4 centimeter bak Kristian Haga sin klubbrekord frå 1986. Og det er mange månader igjen av Eirik sin 14 års-sesong.

Og: Hordaland sitt store stav-talent, Eirik Greibokk Dolve (1995) enda på 3,31 i innesesongen i 2009 - det året han blei 14 år. Det fortel ein del om utviklinga og potensialet hos vår eigen Eirik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar