mandag 8. august 2011

Ymse i Kristiansand

Etter ei nettlaus helg i den mellomstore byen Kristiansand, er eg oppe og går igjen og på nett inne i skogen i Vest-Telemark.

I tre dagar  i Kristiansand fekk me oppleva det aller meste av ver: det aller meste av fredag og søndag føremiddag plaska det ned med regn, av ein type me sjelden opplever heime. Lørdag fekk me ein strålande sommardag.

På banen, på det flotte nye dekket på Kristiansand Stadion, gjekk det også opp og ned for våre utøvarar.

Monika Benserud har på den eine sida fått seg ein skade som gjorde at ho ikkje stilte i nokon av dei individuelle øvingane, på den andre sida fekk ho oppleva å bli juniormeister då ho sprang ein habil første etappe (100 meter) på 1000 meter stafett i JR22 (U23) søndag ettermiddag. Det var stor spenning heilt inn, der Martine Eikemo Borge tok igjen Benedicte Hauge på heimelaget Kristiansand IF på den avsluttande 400 meter-etappen. Hauge hadde ei "umuleg" leiing, men stivna fullstendig på oppløpet.

Jørgen Jensen Axelsen gjorde eit realt forsøk på 5000 meter fredag kveld og var mellom topp tre i store delar av løpet. På slutten blei det for tungt og han hamna på 7. plass, men flytta persen ned til 15:52,14. Det gir 966 tyrvingpoeng. På hinder var Jørgen einaste av dei tre frå BFG som fullførte, på 6:35,03.

Marianne Benserud var i ein heilt annan stavform på Ravnanger for eit år sidan enn ho var i finaveret lørdag. Denne gongen blei det 2,60 og 8. plass på tittelforsvararen.

Ole Martin Røssland hamna ugreitt til i feltet på 5000 meter og først den eine ryggen, så den andre forsvann ut av feltet, før han - ganske tidleg - fann seg i eit åleineløp på halen av feltet. Det blei 9. plass, på 16:10,59. På 2000 meter hinder var målet å gjennomføra med stil under debuten med 91-hinder. Etter to rundar sprang han jamt og fint og følgde eit skjema til rundt 6:40, men like etter passering kræsja han kneet inn i hinderet og måtte gi seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar