torsdag 18. august 2011

Før UM - II

Fire morgonar på rad har eg ete frukost ute på terrassen i vene Sunnhordland. Eg vel såleis galant å sjå bort ifrå vermeldingane for Vikjo, Stord, som fortel om både vått og vind. Me får ta det som det kjem.

Det gjeld også langtidsmeldingane om ny austlandsk rotbløyte borte i Østfold, til UM, neste helg. Fysj, der var det gløymt.

I staden går me vidare i førehandsgjennomgangen før UM:

Vilde Omholt (J16) sprang i fjor 2000 meter i Molde, i år er ho påmeldt 800 meter. Det er til saman 18 påmelde jenter og Vilde har 14. beste tida i år av desse, men det er temmeleg tett opp til topp ti. Me er spente på om Vilde held fram den solide framgangen ho viste under løpet på Osterøy då ho kvalifiserte seg (2:29,17).

Synne Våge Opheim (J17) er påmeldt to øvingar, stav og tresteg. I stav er det - som undar innandørsmeisterskapet i Ranheim i mars - berre 4 deltakarar. Til gjengjeld er det dei fire beste i aldersklassen som stiller og Synne er rangert som nr. 4. Normalt skal det nok ein del til å ta steget opp til medalje, men i stav veit ein aldri. I tresteg er det 12 påmelde og her er Synne nr. 9 så langt i år - med sitt hopp frå Framolekene. Med fullklaff er finaleplass heilt klart innan rekkevidde.

Til sist tar me for oss stavgutane i G15 - Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim. Dei plukka med seg fine medaljar i inne-UM og medan Jonas Bergkvist Melå frå Moelven må seiast å vera favoritten, så er begge våre medaljekandidatar. Magnus er rangert som nr. to på førehand, Håvard som nr. fem. Framfor noko viste konkurransen i inne-UM at dei to meistra meisterskapssituasjonen glitrande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar