mandag 1. august 2011

Vilde Omholt

Nokon brukte sommarkvelden den første dagen i august til å springa karusell langs Flyplassvegen, andre av oss tok oss ein roleg treningstur, enten i Hordnesskogen eller rundt omkring ved Skranevatnet. Søstrene Maren (J13) og Vilde Omholt (J16) på si side tok turen til karusellen på Osterøy. Der blei det meldt om 18 fine grader og noko vind. Til dels var det god medvind på sprinten, til dels noko for sterk vind. Maren utvida sitt banerepertoar med ein 60 meter, i tillegg til at ho dobla si mengd med 100-metrar (frå ein til to). Men det spørs om ikkje også Maren må prøva seg på lengre distansar etter kvart.

Storesøster Vilde debuterte i UM som 15-åring, i Molde i september i fjor. Det gjorde ho på ein framifrå måte på 2000 meter. I år er det i utgangspunktet tre relevante distansar for Vilde under UM i Fredrikstad, i J16: 3000 meter erstattar 2000 meter som lengste distanse. Der har ikkje Vilde baneerfaring enno. I tillegg er det 1500 meter hinder, som ho debuterte på under løpsstemnet til Gneist i september i fjor. For begge desse distansane gjeld det at det ikkje er kvalifiseringskrav.

På 800 meter, derimot, er det krav. Det er på 2:31,00 for J16. Før kveldens karusell var persen til Vilde på 2:34,70, etter i kveld er den på solide 2:29,17. Dermed er ho ikkje berre kvalifisert til årets UM på 800 meter, men også i J17 på Askøy neste år (krav: 2:30,00). Tida er 19. beste i klassen i Norge i år. Gratulerer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar