lørdag 13. august 2011

(Jenter til tusen (og tjueto)

Aaah.... Tenk å få oppleva å bli solbrent under Gneistspelen!... Sjølv om det grånar til, no når det er blitt lørdag kveld og me neppe får like fantastisk ver siste dag, så har fredagen og lørdagen alt overgått det meste av forventningane.

Også sportsleg er det mange høgdepunkt å trekka fram. Dei to fremste suste inn i 1000 poengs-klubben, for ikkje å seia 1022 poengs-klubben. Nora Øvergaard Aarvik (J12) heiv seg over heile 1,47 i høgde, sletta Vilde Lund Bjørnsen sin tre år gamle klubbrekord (1,44) og fekk altså 1022 poeng. Same poengsum oppnådde Anna Evensen (J11) i 60 meter hekk, då ho sprang distansen på 10,78 - i 3,2 sekundmeter motvind!

Klubbrekord både her og der blei det også på Jørgen Jensen Axelsen (G18). Han sprang 2000 meter på 5:49,87, noko som er rekord i aldersklassen i Gneist, men også ny klubbrekord i BFG Fana. Det er dessutan verdt 960 poeng.

To kast-klubbrekordar noterer me også: Sondre Rinde (G13) sletta Amund Høie Sjursen sin tre år gamle rekord i diskos (0,75kg), då han noterte 27,28. Og Cathrine Harris (J13) pynta på eigen kulekord, frå 11,09 til 11,16. Det gir heile 997 tyrvingpoeng.

Til sist tar me med ein som nærmar seg (endå) ein klubbrekord, nemleg Kristoffer Blücher (G12), som med sin nye pers på 4,78 (966 tyrvingpoeng) berre er 11 centimeter bak Jim Erik Liland sin 25 år gamle rekord i aldersklassen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar