søndag 21. august 2011

Kjempetid og dementi

Så har me teke til å tørka opp etter ein tidleg ettermiddag på Leirvik i striregn. Og naturlegvis har sola teke til å skina der ute. No ja, nye kjekke Stord-leikar er over - ikkje minst kjekke fordi me der treffer så mange i Gneist-familien. Det er nett som Gneistspelen, berre med det unntaket at her er me tilskodarar og ikkje funksjonærar. Litt meir avslappande det då.

Me er ikkje godt vane med resultatlister snøgt frå Stordleikane, så me får vera glade for det når dei dukkar opp og presentera gjæve resultat på systematisk vis då. Til så lenge noterer me likevel ein knalldebut på bane for Ingrid Helene Nyhus (J14) på 5:08,03 på 1500 meter. No luktar det svidd av trioen med henne, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland. Alle tre har persar på 5:08...

Kjempetida denne helga noterte likevel 11 år gamle Silje Stenersen seg for lørdag. Då var me rettnok i full avslappingsmodus på Halsnøy, men Silje fann likevel på å springa 800 meter på 2:34,97. Det er solid ny klubbrekord. Den gamle hadde Renate Lie frå 2009 på 2:37,42.

Så, eit dementi: Eirik Leikvoll (G13) sette likevel ikkje ny klubbrekord i stav under Norna-karusellen onsdag. Resultatlista derifrå lyg rett og slett. Det var broder Magnus som hoppa 2,77 då, slik at Eirik framleis står med 2,73 frå Arna tidlegare i månaden. Så noterer me oss likevel at ein nær slektning av Eirik har bestilt 2,90 til NCC-lekene.

(Og i dag skal eg ikkje nemna eit ord om at vermeldingane for Lisleby, Østfold, til helga brått har teke til å bli pittelitt lovande igjen...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar