onsdag 3. august 2011

Vegen til Kristiansand (før junior-NM)

No gjeld nok dette berre dei færraste, til og med dei færraste med utgangspunkt i bergenstraktene, men vegen vår til Kristiansand går altså via Kvinnherad. Her er det hundedagar og heitt, heitt - i alle fall til og med torsdag. Natt til fredag er det veromslag i heile Sør-Norge og metereologane har nett fortalt at me kan venta oss kva som helst og det aller meste på kort tid når me kjem til Sørlandets hovudstad.

At me er på veg, og i alle fall halvvegs er ferierande, gjer at eg ikkje har fått finstudert startlistene og eg veit heller ikkje om eg har hundre prosent kontroll på våre deltakarar. Desse er dei eg noterte meg før eg begynte turen sørover:

Marianne Benserud
Marianne er faktisk tittelforsvarar i øvinga ho er påmeldt i, stav i KJ19. Ho var i særs god stavform då junior-NM gjekk av stabelen på Askøy i fjor. I år har Marianne 7. beste junior-resultatet i landet før meisterskapet startar.

Monika Benserud
Monika debuterer i junior-NM og er påmeldt i (i alle fall) fire øvingar: to løp (100 meter og 200 meter) og to hopp (lengde og tresteg). På sprintdistansane er konkurransen hard og tett, men Monika kan på sitt beste nå ganske langt. Eg har notert 10. beste juniortid på 100 meter og 17. beste juniortid på 200 meter så langt. I lengde har Monika 9. beste hoppet for juniorar og i tresteg er ho heilt oppe og har 4. beste juniorhoppet før NM.

Jørgen Jensen Axelsen
Jørgen er eldstemann av Gneist-utøvarane under junior-NM og har eit par meisterskaps erfaring alt. Han sprang ein særs god 1500 meter under DN Galan Youth sist helg og har store planar under 5000-meteren fredag. Jørgen har ikkje sprunge distansen så langt i år og bør kunna persa solid frå fjorårets 16:10,96. Det blir spennande å sjå nett kor langt ned Jørgen kan koma i tid - og kor langt opp på resultatlista. Det aller meste er muleg!

Søndag er Jørgen påmeldt 2000 meter hinder. Også her har Jørgen fått seg god erfaring etter kvart, sidan han slengte seg med på distansen i Bodø for eit par sesongar sidan. Under Framo-lekene i juni viste Jørgen at han verkeleg har lært seg hinder og sprang heilt ned på 6:18. Det er 6. beste tida for juniorar så langt.

Ole Martin Røssland
Ole Martin debuterte i junior-NM på Askøy i fjor - med å få krampe i leggen tidleg på 5000-meteren og deretter jogga han rundt og hamna eit par-tre minutt etter dei beste. I år håpar han på ei betre oppleving. Det er få i feltet på 5000 meter som har sprunge distansen i år, Ole Martin er ein av dei og er 4. beste junior med 16:02. I det femten mann sterke feltet får han vera nøgd med ei topp ti-plassering. Og så får han jakta på ei eller anna tid med 15 først...

Så er også Ole Martin påmeldt 2000 meter hinder søndag. Dersom beina held denne gongen, blir det såleis debut med 91-hinder. Då er kan henda Jørgen sin klubbrekord i G16 frå 2009 eit muleg mål (6:47,58)?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar