tirsdag 23. august 2011

Før UM - III

Det er nesten litt skummelt å skriva om Gneist-deltakarar før UM, fordi det stadig dukkar opp meldingar om sjukdommar, skadar og formsvikt. No sist er det Synne Våge Opheim (J17) som har måtta kasta inn handkleet.

Så det får vera med eit allment atterhald me går laus på dagens trio:

Den travlaste av dei blir Amund Høie Sjursen (G15). Han er påmeldt dei to kortaste løpa, 100 meter og 200 meter, og hoppøvingane lengde og tresteg. På 100 meter er Amund 14. rangert av deltakarane med 12,04. Her er det spesielle at alle dei 13 framfor Amund på årets utestatistikk også er påmelde UM. Totalt er det 25 med på 100 meter. På 200 meter er Amund nr. 22 av dei påmelde med si tid på 25,12. Det er også 25 påmelde 200 meter i årsklassen.

Sjansane ser på førehand ut til å vera større i lengde og tresteg for Amund. Her er finaleplass heilt klart realistisk. Årsbeste i lengde er 5,57 og det er 8. beste av dei 13 påmelde, men Amund var ein god del lengre under fjorårets største arrangement, NCC-leikane. I tresteg manglar framleis vindmåling frå hoppet på Stord i helga, men me rangerer Amund på 6. plass og altså tryggare innanfor finaleplass i denne øvinga. Her er det totalt ti med.


Stian Norheim (G15) er påmeldt 1500 meter hinder fredag og 2000 meter søndag. Me kan ta det siste først: På 2000 meter oppnådde Stian 6:16 under Framolekene 5. juni. Det er 12. best av dei heile 32 påmelde. Stian viste god form under 1500 meteren på Stord søndag, så topp ti er i alle fall naturleg siktemål.

På hinder er sjansane til Stian monaleg større. Her er det 14 påmelde og berre Mathias Berntzen Engevik frå Nittedal (og halvvegs frå Søreide) ser ut til å vera utanfor rekkevidde. Stian, med eminent hinderteknikk, har heilt klart medaljesjanse, sjølv om det er fleire tøffingar imot - ikkje minst frå naboar på Stord og Norna-Salhus. På hinder håpar me også me møter på Aleksander Lie (G15). Han kunne ha delteke på mykje under UM, men har slite med framleis udefinerte plager det meste av sesongen og håpar no i alle fall å kunna stilla på hinder (og kanskje stafett?) fredag. Det er av same grunnane uråd å spå om Aleksander sine sjansar. I ein normal sesong ville han ha kjempa med nemnde Engevik om gullet, men i år håpar me altså berre på deltaking, så får me ta det derifrå.

(Og eg nemner framleis ingenting om verutsiktene i Østfold til helga, det har truleg å gjera med at det ser såpass heilsvart ut at det ikkje er verd å nemna...)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar