fredag 1. juli 2011

Våre venner

Eg fortalde om krise i Laksevåg i vår og eg lova framhald i soga om AKS-77 for ikkje så lenge sidan. Her er framhaldet om både dei eine og dei andre.

Ryktet om friidrettsgruppa i Laksevåg IL sin død var monaleg overdrive. Laksevåg driv vidare med si gruppe med solide eldre utøvarar. Vilde Svortevik er straks klar for deltaking i U18-VM, Paula Llano hoppar høgare i stav enn nokon gong. Mykje av stridens kjerne på Laksevåg har dreidd seg om treningsfordeling og i det heile banefordeling på Nygårdsmyren - der det er kunstgras i midten for fotballspelarar og fast dekke for friidrettsfolket rundt, ein ikkje heilt heldig kombinasjon. Men det må vera betring i forholda der ute i vest; onsdag no i veka var det seriestemne på Nygårdsmyren og elles denne veka har det vore friidrettsskule på same myra; det er viktig for Laksevåg å få i gang unge utøvarar også!

Når det gjeld AKS-77, så var me altså med to utøvarar under stemnet der den 21. juni. Og alt 27. juni - etter berre seks dagar - blei resultata sendt inn på føreskrive vis. Resultatlista ligg no på friidrett.no under "Resultater", der dei skal vera. AKS-77 besto altså første prøve etter nedsablinga frå forbundet. Det er bra!

Me treng å ta vare på dei oppegåande miljøa som finst i klubbane rundt om - og er følgjeleg glade for at det no er positive nyhende både frå nord og frå vest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar