onsdag 20. juli 2011

Norna-Salhus

Ein kan seia særs mykje om IL Norna-Salhus - og det blir då også gjort... Men éin ting kan me ikkje seia anna enn positivt om, det er serien med karusellar som IL Norna-Salhus har arrangert på Fana Stadion sidan 1988. I kveld rullar det i gang igjen, trass i at det er midt i ferietida.

Og då er det ikkje berre enkelt. Startar/tidtakar har det vist seg å vera umuleg å få tak i til kveldens første karusell, slik at tidene på løp blir manuelle. Norna-Salhus håpar i det lengste at det dukkar opp nok funksjonærar til å hala i land stemnet elles.

I skrivande stund står det berre ein "X" på nettet når det gjeld tidspunkt for løpsøvingane. Heile karusell-oversikten finst her:

Kveldens meir detaljete tidsplan ser slik ut:

17.00   Høgde
17.30   Slegge, så diskos, så kule
18.00   Lengde
18.30   60 meter
19.00   100 meter
19.30   200 meter
19.50   400 meter
20.10   1500 meter
20.30   5000 meter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar