onsdag 13. juli 2011

5000 i kveldssol

For eit par sesongar sidan skreiv Jostein Lie på dei gamle Gneist-sidene etter Hovdingleikane at Ole Martin Røssland (no G16) hadde hatt full kontroll over 600-meteren i 595 meter. I mål var han  nr. 2. Denne onsdagen i Lonevåg, Osterøy, valde han motsett taktikk.

I kveld var Ole Martin på gjennomkøyring på 5000 meter før det blir alvor under junior-NM i Kristiansand om om gode tre veker. Planen var å låna den solide ryggen til trenar Bjarte Eikanger undervegs og sjå kva det førte til.

Onsdagen var ein flott sommar-onsdag her vest og temperaturen var fin, men vinden var kanskje litt i sterkaste laget - i alle fall for den som førte. I 4650 meter førte Bjarte løpet, før Ole Martin smatt forbi og heldt unna med eit særs sterkt oppløp - til 16:02,85. Det er ny pers med godt og vel 11 sekund, så får målet bli 15-talet når ein kjem til Kristiansand.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) var den andre Gneist-aren på Osterøy denne kvelden (det var ein god gjeng BFG-arar i tillegg). Han var hare på 800 meter og gjorde jobben som bestilt fram til 600 meter (1:30). Så avslutta han kvelden med å springa den for han sjeldne øvinga 100 meter: 13,53 i god medvind.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar