lørdag 30. juli 2011

Stockholm

Gneist-utøvarar er det nesten overalt. Ei fin lita handfull har denne helga funne vegen til olympiastadion i Stockholm. Neste år er det 100 år sidan den var OL-arena. Sjølv sprang eg 80 meter på grasbakken der for 23 år sidan - full fart framover mot scena etter at portane opna før Bruce Springsteen-konserten der 2. juli 1988...

I dag sprang Renate Lie (J13) 300 meter på 43,64. Med det tok ho 7. plass i F14. Det er også ny offisiell klubbrekord i øvinga (den var ledig).

Seks dagar før eitt av dei store måla denne sesongen - 5000 meter under junior-NM - så sprang Jørgen Jensen Axelsen (G18) ein solid 1500 meter. Han persa med god margin, bevega seg heilt ned på 4:04,56 og tok med det 3. plasss i 19-årsklassen. Det gir 982 poeng.

Aleksander Lie  (G15) kom seg i mål på 43,05 på 300 meter hekk, om lag halvsekundet bak bestenoteringa si. Her sette elles 96-årgangens store komet, Karsten Warholm frå Dimna, endå ein aldersrekord (den andre på nett denne distansen i år).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar