lørdag 9. juli 2011

Tre topp tre (i Hordaland)

Sånn. Så var me der.

Det var eit fantastisk sommarver i Gøteborg lørdagen og fleire av Gneist-arane brukte det på framifrå vis til framifrå prestasjonar.

Eldstebror Rinde, Sondre (G13), heldt fram der han slapp under hekkeløpet fredag og sprang inn på 10.80-talet to gongar - 10,81 var best (i 1,3 i motvind) i B-finalen på 80 meter. Det er ny klubbrekord (Amund Sjursen hadde den gamle, på 11,09). Tida er tredje best i Hordaland gjennom tidene. Berre Jonas Gjesdal og Cidi Nzita har sprunge fortare på den i norsk samanheng noko ukurante distansen.

Vilde Lund Bjørnsen (J15) sprang først inn til 12,62 på 100 meter i forsøket, om ikkje før ho var vaken, så i alle fall før frukost. Så, midt på varmaste dagen, blei det bronse og 12,45. Også det er ny klubbrekord og nest beste resultatet i Hordaland gjennom tidene i årsklassen. Det gir også 1072 tyrvingpoeng.

Renate Lie (J13) sprang ein glitrande 1500 meter på 5:00,89. Det gir 1024 tyrvingpoeng og er ein solid ny klubbrekord. Den gamle hadde Ingrid Sandvoll frå 1976 - året då Jan Egil Storholt, Ivar Formo og brørne Alf og Frank Hansen tok OL-gull. Kven???! - seier dagens friidrettsheltar... Og tida til Renate er også tredje beste i Hordaland gjennom tidene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar