mandag 11. juli 2011

Autograf

Vilde Lund Bjørnsen (J15) sprang godt og vann bestemannspremie i Strandebarm for ei god veke sidan, opplevde ho ungar som kom bort til henne og bad om autografen. Som ein vis mann kommenterte det då: Den kan fort bli verdifull om nokre år! Søndag imponerte Vilde - igjen, denne gongen på 300 meter under Världsungdomsspelen i Gøteborg. Ho styrte finaleheatet til siger på 39,77. Det gir fantastiske 1136 tyrvingpoeng, er klubbrekord med fire sekund (Helene Aarland Holm hadde den gamle frå 2002) og er nest beste tid i aldersklassen på distansen gjennom tidene, 11 hundredel bak aldersrekorden. Bak Vilde på denne lista finst til dømes lokale heltar som Vilde Svortevik (40,43) og Isabelle Pedersen (40,62).

Sondre Rinde (G13) avslutta ei ny stor friidrettshelg for sitt vedkomande med ein fin 200 meter på 26,78 og så ei lita, men viktig forbetring i lengde: Han auka persen frå 5,08 til 5,09. Frå før delte han klubbrekorden med Per Åge Liland (sistnemnde med sitt hopp frå 1985), no har han rekorden åleine.

Til sist: Renate Lie (J13) fekk godkjende vindforhold i sitt 200 meter-heat (til og med god motvind), kom i mål på 27,36, som gir 1026 tyrvingpoeng - to poeng betre enn det flotte 1500 meter-løpet lørdag.

Då er det tivoli og ferie og fest og baluba. Og trening.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar