mandag 18. juli 2011

Karusellkluss - sommarversjonen

I kveld har me - fire av oss i familien - sprunge Sommarkarusellen. Me betaler for å gjera det (dei fleste av oss) og me vil gjerne ha godskrive den tida me har fått. I vinter - då det var etter måten mange deltakarar - var det kluss av ulikt slag i resultatservicen rett som det var. Det var først det eine og så det andre som ikkje fungerte.

I kveld, den 18. juli, var det etter måten sommarstille i karusell-løypene, sjølv om me likevel snakkar om tresifra tal deltakarar. Og resultatlistene er komne etter måten snøgt. Det skal dei ha. Men resultata er gjennomgåande 10-12 sekund dårlegare enn det løparane sjølve har på eigne klokker. Det gjeld frå dei beste, via underteikna som definitivt sleit seg godt under 21 minutt denne gongen, trass i dei "21:00" som resultatlistene (vonleg versjon 1:0) fortel om. Og det gjeld dei lengst bak, der 7 år gamle Selma blei klokka inn av underteikna på 33:50, men har fått "34:00" i mål.

(Ole Martin hadde 17:11 på eiga klokke, fekk 17.23 på resultatlista. Og for all del: Dette er gjennomgåande og gjeld ikkje berre familien Røssland. Ronny Berthelsen frå Ask hadde om lag 20:28 på eiga klokke og har fått 20:40 på resultatlista.)

Ikkje veit eg korleis dei får det til, arrangøren i BFG, men dei får det til. Og det må dei slutta med, elles får me i alle fall springa gratis framover.

Oppdatering: Seinare har arrangøren lagt ut følgjande melding på nettsidene sine: "OBS! Alle resultater på 5KM er korrigert med +12 sekunder pga feil vendingspunkt."

Nei, dette må gjerast betre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar