mandag 4. juli 2011

Solide prestasjonar på tre stader

Ei travel helg er over, med Gneist-utøvarar fordelt på i alle fall tre stader: Byrkjelo, Strandebarm og Helsingborg (då held eg det ope at det kan dukka opp ein ferierande Gneist-ar på start ein fjerde og ein femte stad, når resultatlistene har tikka seg ferdig inn).

Det er mykje å ropa hurra for frå denne helga, i tillegg til det etter måten fine veret.

Strandebarm:
Hans-Magnus Haukøy (G10) hadde ein fin tur til Hardanger. I høgde oppnådde han 1,20 og 965 tyrvingpoeng, i tresteg blei det heile 8,09 og 989 tyrvingpoeng. Strålande hopping blei det også lørdag på Nora Øvergaard Aarvik (J12). Ho kom seg over 1,43 - med gode forsøk også på 1,45. Det gir 992 poeng og det er berre éin cm bak klubbrekorden til Vilde Lund Bjørnsen. Kristian Schjønningsen (G12) støtte kula 8,59, medan jamaldringen Kristian Blücher denne gongen fekk godkjent vind (det vil seia heile 1,9 i mot), oppnådde 27,81 og ein solid ny klubbrekord på 200 meter. Både Stian Norheim (G15) og Anna Serine Røssland (J14) persa på høvesvis 3000 meter og 800 meter og nærmar seg neste års UM-krav på distansane. Endeleg: Vilde Lund Bjørnsen (J15) og Ole Martin Røssland (G16) fekk kvar sine bestemannspremiar for høvesvis 25,67 på 200 meter og 9:19,70 på 3000 meter.

Byrkjelo:
Her blei det nye 60 meter-persar på 13-åringane Sondre Rinde og Renate Lie. Sondre sin er no på 8,12 og Renate sin på 8,47. Så har me notert historias første kappgang-klubbrekordar i Gneist, med Cathrine Harris (J13) og Ingrid Næss Johansen (J14) sine debutar på 1000 meter kappgang. Cathrine si tid blei 6:57,94 og Ingrid si 6:43,60.

Helsingborg:
Under Öresundspelen heilt sør i Sverige har det også vore ein liten Gneist-kontingent. Amund Høie Sjursen  (G15) har meldt seg på i kampen om å klara UM-kravet i kule. Han støtte 11,07 i Sverige, knapt meteren bak kravet. På 100 meter flytta Amund den ferske persen frå Tyrving ned frå 12,10 til 12,04. Monika Benserud (J15) flytta persen sin på 80 meter hekk nedover to gongar, først til 12,46 og deretter til 12,37. Det beste resultatet gir 1018 tyrvingpoeng. Silje Stenersen (J11) passerte 4 meters-grensa i lengde; landa på 4,07. Ho gjorde dessutan eit nytt kjempeløp på 600 meter og er no nede på 1:50,24, like over halvsekundet bak Renate Lie sin to år gamle klubbrekord på distansen. Silje sitt løp er verdt 994 tyrvingpoeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar