tirsdag 5. juli 2011

Innan Göteborg

Som nemnt har alt ein fortropp frå Gneist innteke Sverige. Det skjedde i idrettsleg samanheng i Helsingborg helga som var. Frå komande fredag blir denne troppen noko utvida til ein fin bukett representantar til deltaking på sjølvaste Nye Ullevi i Göteborg.

Den faste helga for Världsungdomsspelen er første helga i juli. Då er det alltid tropesommar i Sveriges nest største by, så også dette året. Men i år var rockegruppa Iron Maiden på besøk på stadion og friidrettsstemnet måtte flyttast til andre helga i juli. Då er det meldt så som så-ver, noko som får oss til å hugsa på at Göteborg jo er i Sverige sitt Vestlandet.

Sidan Göteborg er i Sverige sitt Vestlandet, så er dei heller ikkje smålåtne der og kallar altså stemnet sitt for ikkje noko mindre enn Världsungdomsspelen. Men her er deltakarar frå ganske mange land, så litt har ein som grunnlag for namnet. Det er ei stor oppleving for utøvarane å få konkurrera på denne store arenaen, som har husa fleire store internasjonale meisterskap.

Her er Gneist sin tropp:

J13:
- Renate Lie (200m, 600m, 1500m)

J14:
- Ingrid Næss Johansen (800m, 2000m)
- Anna Serine Røssland (1500mh, 2000m)

J15:
- Monika Benserud (100m, 200m, 80m hekk, lengde, tresteg)
- Vilde Lund Bjørnsen (100m, 300m, lengde)

J16:
- Marianne Benserud (100m, 200m, lengde, stav)

J17:
- Anne-Marte Aldal Sætre (Stav, 200m, 400m)

G13:
- Sondre Rinde (80m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Casper Stenersen (1500m)

G15:
- Aleksander Lie (300m, 800m, 300m hekk)

G16:
- Andreas Iden (1500m, 3000m)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar