torsdag 28. juli 2011

Etape Bornholm II/III

På den danske øya Bornholm spring dei vidare. Tirsdag var Tom Roger Johansen i elden på ei 5,8 km-etappe. Tom Roger kom i mål på 26:03, som gav 7. plass. Og 7. plassar held det fram med. Onsdag var etappen 7,8 km og tida blei 32:36. Også samanlagt etter tre etappar ligg han som nr. 7 - neste naturleg nok - i klassen sin, 50-59 år.

Ingrid Næss Johansen hadde kviledag tirsdag, men var i gang igjen med ei 2,9km etappe onsdag. Den gjorde Ingrid unna på 12:10, som gav ein 6. plass. Totalt i klassen - Piger 12-14 år - ligg Ingrid på 5. plass, ikkje langt bak 4.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar