Det var jamn og god springing gjennom heile veka på far og dotter Johansen under årets Etape Bornholm.
Tom Roger Johansen avslutta med to 6. plassar. Først blei det 38:02 på 8,5km torsdag, før han avslutta med 41:05 på 10km fredagen. Samanlagt blei det også 6. plass på Tom Roger - av totalt heile 159 deltakarar i klasse 50-59 år.
Ingrid Næss Johansen har i motsetning til papen hatt kviledagar mellom øktene, men det er ikkje løgne ferien i 3-4 kilometers-løp mandag-onsdag-fredag. Fredagen avslutta Ingrid med ein 4,2km på 17:36. Det gav 6. plass også for henne, medan ho i samandraget i Piger 12-14 år fekk ein strålande 5. plass. I denne klassen var det også mange deltakarar, totalt 74.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar