tirsdag 19. juli 2011

Tenk på eit tal

Ok, ok. Me får vel oppsummera Sommarkarusellen etter fire løp - og det basert på arrangøren sine offisielle resultat. Men her er altså to underlege ting som me likevel berre har med oss frå dette løpet, om me vil eller ikkje:

- arrangøren fortel om "feil vendingspunkt" på 5km. Kvifor? Og, viktigare i denne samanhengen, kor mykje feil var dette vendingspunktet?

- basert på denne feilen bestemte arrangøren at alle på 5km skulle ha eit tillegg på 12 sekund. Kvifor? Basert på kva? Alle 12 sekund?

Sportsleg er det utan tvil Jørgen Jensen Axelsen sitt sigersløp på nettopp 5km som må trekkast fram. På eiga klokke stod det 15:49 på Jørgen ved målpassering. Det ville i så fall vore første løpet under 16 minutt for han. Så flytta arrangøren han "skjønnsmessig" ned 12 sekund til 16:01. Keisamt? Ja. Rimeleg? Tvilsamt. Til samanlikning blei Selma Røssland flytta ned med 12 sekund til 34:00 på same 5km. Rettnok kan Selma få opp god fart, slik innimellom, i alle fall om det er is til premie etterpå, men at ho brukar like lang tid på "vendingsfeil-lengden" som Jørgen, ja det er særs tvilsamt...

Løpet til Jørgen plasserer han uansett på 2. plass på sommarens adelskalender. Plasseringane der etter fire løp ser elles slik ut for "kjentfolk":

MENN
5km
2. Jørgen Jensen Axelsen 16:01
9. Andreas Iden 17.12
14. Ole Martin Røssland 17:23
21. Aleksander Lie 18:10
21. Stian Norheim 18:10
28. Henrik Gravdal 18:42
53. Jostein Lie 20:17
71. Lars Arve Røssland 21:00
73. Henrik Berger Ettrup 21:03
74. Jon Iden 21:13
82. Hans-Magnus Haukøy 21:31

10km
11. Torgeir T. Hasås 36:37
32. Tom Roger Johansen 39:34

KVINNER
5km
26. Beate Jensen 23:51
47. Sanne Lillevik Christensen 25:26
80. Ann-Mari Tyssebotn Berg 27:54

10km
2. Torun Øvergaard Aarvik 41:19

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar